Skal avhøyre vitne på nytt

– Politiet skal avhøyre sentrale vitne etter dødsulukka i Kjølsdalen i romjula på nytt, seier regionlensmann i Nord, Tormod Hvattum til Fjordenes Tidende. Bilføraren som køyrde ned og drap dei to kvinnene er sikta for å ha køyrt i rusa tilstand. Mannen erkjenne ikkje straffskuld. Politiet får hjelp frå spesialetterforskarar ved politiet i Oslo for å gjere nye avhøyr av vitne.

Lys og blomar på ulukkesstaden
Foto: ØYSTEIN TORHEIM