– Det har kome ekstremt mykje snø i enkelte område som Myrkdalen, Voss, Kvamskogen og indre Sogn, seier Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige.
Denne vinteren har det vore svært mykje snø i indre delar av Sogn og Fjordane og Hordaland, og Gjensidige gjekk allereie i desember ut og åtvara folk om at hyttetaka måtte mokast.
– Vi har fått omkring 50 skademeldingar på totalt 10–15 millionar på hytter og driftsbygningar. Det er store tal, seier Voll.
Kan tape pengar på sløv mokejobb
Skademeldingane er likevel avgrensa til enkeltområde i indre delar av fylka, seier Voll.
– Eg var i Myrkdalen sjølv. Eg har høyrt det var mykje snø, men når eg var der og såg det sjølv, skjønte eg at det var sant! Det var fleire meter med snø, og det var få bygningar som hadde under ein meter med snø på taket.
I Sogn og Fjordane er det spesielt lustringane eller tilreisande til Luster som har fått merke snømengdene.
– I Hafslo, Gaupne og Jostedalen har det vore mange, og fleire store, skader.
– Kan dei som ikkje fjernar snøen og får skader risikere å ikkje få forsikringspengar?
– Ein kan i alle fall få redusert erstatning. Ein har ei plikt til å sjå til bygningane. Det er viktig å sjå til bygningane. Uventa store snømengder er ein ting, men no har snøen lege så lenge at det ikkje finst noko unnskyldning for at taket bryt saman grunna enorme mengder snø.
Trur mange får ei overrasking på påskehytta
Forsikringsselskapet If forsikring har fått rundt 20 meldingar om snøskadar i vinter, og utanom eit tilfelle i Agder er alle i indre strok på Vestlandet. Dette er mindre skader, og summane er ikkje like store som hjå Gjensidige.
– På oss verkar det som folk har vore flinke å moke, seier kommunikasjonsrådgjevar i If, Sigmund Clementz.
Men han trur mange skader, og spesielt på eldre hytter som toler mindre snø, ikkje er melde enno.
– Eg trur ein del som kjem til påskehytta utan å ha vore der i vinter kan ei overrasking.