NRK Meny
Normal

Viss det var kamp i dag, hadde han hatt berre éin forsvarar...

Om Sogndal skulle spelt kamp i dag ville Jonas Olsson hatt éin forsvarar å velje blant. Berre Taijo Teniste er heilt skadefri.

Jonas Olsson

LITT KNAPT: Sogndal-trenar har litt å slite med etter at to sentrale forsvarsspelarar vart skadde under søndagens kamp.

Foto: Arne Stubhaug

– Akkurat i dag, onsdag, er ingen av midtstopparane tilgjengelege. Heldigvis er det eit par dagar til me skal spela så vi skal nok få i saman eit godt lag, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson.

Desse spelarane er per i dag skadde eller har plager av ulike slag.

  • Azar Karadas: Operert etter kinnbeinsbrot i kampen mot Sarpsborg. Sannsynlegvis ute to til tre veker, men uvisst.
  • Bjørn Inge Utvik: Beinhinnebetennelse. Tilbake i trening med aukande fotballbelastning. Usikker med tanke på helga, men snart tilbake.
  • Logi Valgardsson: Naglerotbetennelse. Sannsynlegvis klar til helga.
  • Gustav Valsvik: Problem med lysken. Avslutta treninga tidleg onsdag men sannsynlegvis klar til helga.
  • Eirik Skaasheim: Truleg lett strekk. MR onsdag. Uvisst kor lenge ute.
  • Hannu Patronen: Hjerneristing på trening. Tilbake i trening med aukande intensitet. Usikker til helga, men snart klar.

Skulle helst hatt fem

Sogndal treng eigentleg fem forsvararar til formasjonen dei vanlegvis brukar: Tre midtstopparar og to vingbackar.

Av dei som pleier å spela i desse posisjonane er det berre vingbacken Taijo Teniste som er heilt frisk, men Olsson håpar å få ytterlegare to mann på føtene innan bortekampen mot Bodø/Glimt på søndag.

– Eg trur og håpar at Gustav Valsvik skal kunne spele ute problem og det kan sikkert Logi Valgardsson også, seier Olsson.

Omskolerte midtbanespelarar

Om dei blir klar vil han ha to vingbackar i Teniste og Valgardsson og ein midtstoppar. De mest sannsynlege alternativa då er at nokre av backane blir flytta inn som stopparar.

– Valgardsson, Teniste, Kristoffer Nesse Stephensen og Helge Haugen kan spele stopparar. I tillegg kan Ruben Holsæter og Petter Strand spele på backane, seier Jonsson, som også vurderer å legge om til ei vanleg firebackslinje til kampen mot Bodø/Glimt.

– Me skal trena hardt

På spørsmål om han kunne trent laget annleis for å førebygge alle skadane, er Olsson avvisande.

– At folk dundrar i hop på trening og får trøkkar i kamp kan vi ikkje gjera noko med. Me trenar hardt og ligg på grensa heile tida, men det gjer me for å vera klar til det som ventar oss i kamp, seier Olsson.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast