Hopp til innhold

Skade i halsen gjer det vanskeleg å avhøyre den sikta i trippeldrapssaka

Skadane som den trippeldrapssikta asylsøkaren fekk i halsen er med på å gjere det uvisst når politiet kan avhøyre han.

Åge Løseth

MÅ VENTE PÅ AVHØYR: Etterforskingsleiar Åge Løseth.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det er både den mentale helsa til asylsøkjaren frå Sør-Sudan og dei skadane han har i halsregionen som gjer dette vanskeleg, seier etterforskingsleiar Åge Løseth.

30-åringen er sikta for å ha teke livet av tre menneske, bussjåføren og to medpassasjerar på Valdresekspressen måndag ettermiddag.

Skal avhøyre asylsøkjarar

Løseth seier dei i dag i vil sjekke telefondata og halde fram med vitneavhøyra.

– Vi vil finne ut mest mogeleg av kva som skjedde oppe på fjellet, lage ei tidslinje over hendingane, og avhøyre kontaktar som den sikta hadde i Årdalssamfunnet i tida før han sette seg på bussen.

Det inneber at politiet skal avhøyre ein del av asylsøkjarane ved Årdal mottakssenter. Politiet ynskjer mellom anna å få greie på om 30-åringen frå Sør-Sudan visste om at han skulle sendast ut av landet tysdag.

Etterlysinga av bilar, mellom anna ein BMW som køyrde bak bussen opp mot Holsbru, har enno ikkje gitt resultat.

Forsvararen til asylsøkjaren, Fredrik Verling, reknar med at han får møte klienten sin i ettermiddag.