Hopp til innhold

Skade for 4–5 millionar på Utvik Bygg

Store delar av materiallageret til Utvik Bygg vart sopt på elva. To tilsette måtte bergast ut av vassmassane.

Utvik-flaum utvik bygg
Foto: Bjørn Otto Hauge

I Storelva i Utvik ligg det material langs breiddene, og mykje er hamna ute i fjorden. Bjørn Otto Hauge i Utvik Bygg seier at verksemda har fått store skadar.

– Bygningsmessig veit vi ikkje enno, det er vekk noko på den inste sida, men det meste av materialen som var på lageret er truleg øydelagt. Vatnet stod fire meter høgt inne i lageret på det verste.

utvik bygg flaum

DYRT: Dei materielle skadane for Utvik Bygg kan vere på 4–5 millionar kroner.

Foto: Bjørn Otto Hauge

På utsida av lageret hadde dei ståande over 50 pakkar med material. Alle desse fôr på elva. Hauge reknar med at det totalt er øydelagt varer for fire-fem millionar kroner. Men alt dette er fullverdiforsikra.

I tillegg er kontoret med datautstyret rasert.

Les også: – No må vi bygge opp att Utvik, kanskje endå finare

Personar tekne av elva

Hauge seier at det var dramatisk då elva på kort tid gjekk over breiddene sine.

– Det kom forferdeleg fort, det var tilsette som vart tekne av vatnet og stod fast. Men heldigvis kom det folk til og fekk drege dei i sikkerheit. Det gjekk berre ti minutt frå elva braut ut til det ikkje var råd å gå rundt lageret.

Flaum i Utvik

MATERIAL OVERALT: Varelageret til Utvik Bygg vart spreidd over store delar av bygda. Ein del hamna i fjorden.

Foto: Alf Vidar Snæland

For drifta av Utvik Bygg blir no problemet å få inn nye varer, seier Hauge.

– Men det er andre firma i området som stiller opp og vil hjelpe, så eg trur det skal gå greitt. Men det vil nok gå 14 dagar til tre veker før vi er i fullt gjenge att.

Tysdag ettermiddag skal Hauge inn i bygningen for å sjekke kor store skadane er der. Dersom det er for gale har han sjanse til å få leige seg alternative lokale.

Flaum i Utvik

NY LAGERPLASS: Ein del av materialen til Utvik Byggvart liggande ved krysset i Utvik sentrum.

Foto: Alf Vidar Snæland