Han fekk beskjed om å vente i vraket, men til slutt kraup den skadde mannen sjølv ut av bilen og opp den tolv meter bratte skråinga.
Kritisk
Storholt er i dag kritisk til måten redningsarbeidet blei organisert på.
Storholt hadde gitt klar beskjed om kva last han hadde, og meiner det ikkje var nokon gassfare fyrste tida etter havariet. Men han trur ikkje feilen ligg hjå redningsmannskapa.
- Dei gjorde så godt dei kunne ut frå den informasjonen dei hadde. Det er nok høgare opp i systemet kritikken bør rettast, seier Storholt.