NRK Meny
Normal

Skadd person måtte hentast av helikopter

Ein person måtte hentast ned frå Hurrungane i Luster med redningshelikopter etter å ha skadd ein fot.

Landa i Førde

TIL FØRDE: Den skadde personen vart flogen til Førde sentralsjukehus etter å ha skadd seg i ein fot i Hurrungane i Luster.

Foto: Anna Gytri / NRK

Ifølgje politiet på Twitter vart også klatrarar kalla ut for å hjelpe.

– Redningsaksjonen vart koordinert av Hovudredningssentralen på Sola. Etter det vi har fått opplyst, skal personen ha vore i området ikkje så langt frå Midtre Ringstind, seier leiar ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt, Inge Værøy.

Like før klokka 16 landa redningshelikopteret ved Førde sentralsjukehus, der den skadde får legehjelp.

Laster kart, vennligst vent...
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.