Hopp til innhold

Skadd i klatreulukke i Sogndal – alle naudetatane er kalla ut

Ein mann i 30-åra er alvorleg skadd etter ei klatreulykke i Sogndal. Den skadde vert flydd til Haukeland universitetssjukehus med Sea King-helikopter.

Klatreulukke Sogndal

– Ein person som har vore del av eit klatrelag har ramla ned i ulendt terreng, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø, Olaug Holme.

Alle naudetatane vart kalla ut, samt assistanse frå Sea King-helikopter. Ulykka skjedde under klatring ved Kvam utanfor Sogndal i retning mot Luster. Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.48 og mannen vart frakta vekk klokka 19.18.

Laster Twitter-innhold