Hopp til innhold

Skadd i frontkollisjon

Ein person fekk lettare skader i ei møteulukke på riksveg 61 mellom Bryggja og Åheim i føremiddag.

Det var klokka ti at to personbilar med tilsaman fem personar kolliderte ved Beksla.  

Politiet veit enno ikkje kva årsaka til kollisjonen er.