Hopp til innhold

Skadd i dykkeulukke

Ei utanlandsk kvinne i 60-åra vart i natt send til Sentralsjukehuset i Førde etter skade i samband med med dykking. Kvinna var ein del eit følge som dreiv fritidsdykking i Florø. Politiet kan førebels ikkje seie noko meir konkret om kva som har skjedd, eller kor alvorleg skadd kvinna er, seier Olaug Holme som er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt.