NRK Meny
Normal

Skadd i arbeidsulukke i Naustdal

Ein person er køyrd med ambulanse til Førde sentralsjukehus etter ei arbeidsulukke ved Sunnfjord Industri AS i Naustdal.

Arbeidsulukke i Naustdal

ARBEIDSULUKKE: Ein person har fått klemskadar i ein arm.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Personen skal ha fått klemskadar i ein arm, melder politiet på Twitter. Skadane blir skildra som moderate.

– Vi sendte både luftambulanse og ambulanse. Ein person har fått handa eller armen i klem i ei stålpresse, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulukka i halv ellevetida, og har gjort avhøyr på staden. Arbeidstilsynet er også varsla om ulukka.

– Politi og arbeidstilsyn vil undersøke saka, seier politibetjent Øystein Russenes.

Vegopning på Bergum i Førde kommune