NRK Meny
Normal

Skadd i arbeidsuhell i Stryn

Ein 24 år gammal mann vart ved 15-tida tysdag send til Haukeland Universitetssjukehus etter eit arbeidsuhell i Stryn.

Mannen har fått skadar i ei hand i samband med bruk av ei gjerdingssag, opplyser politiet.

Arbeidstilsynet er kopla inn, og skal på synfaring på arbeidsstaden onsdag.