Hopp til innhold

Skadd Flo stiller til start

Sogndalspelar Ulrik Flo stiller til start mot tabelljumbo Stabæk på Fosshaugane i ettermiddag, trass skade og smerter i eine sida. Flo har hatt stigande formkurve i dei siste kampane, og har ikkje lyst til å sitje på benken no.

Ulrik Flo skåra for Sogndal
Foto: Heidi Lise Bakke

Sogndalspelar Ulrik Flo er spent framfor møtet med Stabæk på Fosshaugane klokka 18 i kveld. Stryningen vart skada under ei trening denne veka, og har sidan vore plaga med smerter i eine sida.

– Eg har kjent det godt på trening, men prøver å stille til start i kveld, seier Flo. Spissen har hatt stigande form dei siste kampane, og meiner sjølv det vil vere uheldig å stå over kampar no.

Kjem til å gi jarnet

Er du så viktig for laget akkurat no at trenar Olsson vil ha deg med sjølv om du er skadd?

– Det må nesten han svare på, for det er han som tek ut laget, men det er smigrande att han vil ha meg med, og eg skal gjere mitt beste, seier Flo.

Når Sogndal går utpå den nye kunstgrasbana på Fosshaugane klokka 18, er det sjølvsagt for å ta tre svært viktige poeng.

Laget ligg på 12 plass på tabellen, og motstandar Stabæk aller sist. Laget aust om fjella har dessutan slept inn svært mange mål denne sesongen.

Trur på tomålssiger

Med tre poeng vil laget kunne klatre fleire plassar oppover, men då må laget vinne kampen. Sogndal har ikkje vunne ein einaste kamp dei åtte siste serierundane, og førre helg vart det uavgjort borte mot Tromsø.

Ulrik Flo er optimist og trur laget skal ta heim tre poeng i kveld.

– Eg tippar at vi vinn 3–1. Det hadde vore stas, avsluttar Sogndal sin måljeger.

Sist Sogndal møtte Stabæk enda kampen 0-0 trass i mange sjansar for sogndølene.

Her er laget som startar mot Stabæk:

Kenneth Udjus - Eirik Skaasheim, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Taijo Teniste - Malick Mane, Stephane Badji, Henrik Furebotn, Tonny Brochmann - Stian Dyngeland, Ulrik Flo.

På benken sit Leif Lysne, Jasmin Mecinovic, Eirik Bakke, Tore Andre Flo, Ruben Holsæter, Ørjan Hopen, Espen Næss Lund