NRK Meny
Normal

Skadd etter utforkøyring

Ei kvinne i 20-åra lettare lettare skadd etter ei utforkøyring i Askvoll.

Laster kart, vennligst vent...

– Vi veit at ho køyrde av vegen og trefte eit tre, seier Rune Jansen ved operasjonssentralen til politiet i Sogn og Fjordane.

Ulukka skjedde klokka 15.53, på fylkesveg 609 ved Flokenes i Askvoll. Kvinna var åleine i bilen, og er køyrd til Førde sentralsjukehus i ambulanse.

– Vi har fått opplysningar om at ho er medviten og oppegåande, men at ho har smerter i brystet og i beina, seier Jansen.

Klokka 18.35 skriv Helse Førde i ei pressemelding at kvinna er lettare skadd, og vart send vidare til legevakt.

Politiet veit førebels ikkje årsaka til ulukka, som i følgje Firda skjedde på ei bein strekning.

– Det er våt vegbane og vegen er ikkje spesielt brei, seier operasjonsleiar Per Rimmen til NRK.

– Har det skjedd i samband med møte med ein anna bil?

– Vi har eit vitne, men vitnet kom først til staden etter ulukka. Vi må difor snakke med føraren før vi kan uttale oss om årsak, seier Rimmen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå