Hopp til innhold

Skaasheim blir i Sogndal

Eirik Bergum Skaasheim (19) har spelt seg til fast plass på Sogndal i år – til stor overrasking for dei fleste. No har han signert for kvittrøyene i tre nye år.

Eirik Bergum Skaasheim
Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Dette er eg sjølvsagt nøgd med. Planen har heile tida vore å vera i Sogndal og utvikla meg der, seier Skaasheim til NRK.

18 kampar

Balestrendingen har spelt alle kampar i årets eliteserie, og har gjort jobben bra. I 2011 fekk han éin kamp som innbytar, i bortekampen mot Start som enda 1–1

– Eg har overraska både meg sjølv om andre. For min eigen del har det gått over all forventing. Det er eigentleg berre ein draum, for min eigen del, seier han.

Den nye kontrakten gjeld til 1. august 2015, skriv sogndalfotball.no

Tidlegare denne veka har det kome fram at Gustav Valsvik truleg forsvinn frå klubben etter sesongen, då han og Sogndal ikkje kom til einigheit i forhandlingane. Det kan også sjå ut til at Kenneth Udjus spelar sin siste sesong i Sogndal-drakta.

– Dei unge får sjansen

Men Skaasheim var nøgd med det klubben kunne tilby, og vert no verande heimfylket i tre år til.

– Sogndal er ein trygg plass å vera for unge spelarar, og klubben har i år synt at dei unge får sjansen. Og ingenting er betre for mi eiga utvikling enn fast speletid på høgste nasjonale nivå, seier 19-åringen.

Eirik Bergum Skaasheim

SPELT BRA: Skaasheim har gjort det bra på høgrebacken i år.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dei økonomiske råma i den nye kontrakten vil han ikkje gå inn på, men seier han er godt nøgd med det han fekk.

– Eg trur begge partar er godt nøgde med den avtalen me gjorde.

Vil tilbake til midtbana

Håvard Flo

NØGD: Håvard Flo i Sogndal Fotball er nøgd med at dei har signert ny kontrakt med 19-åringen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Han er ein lokal spelar som har utvikla seg flott i vårt miljø dei siste åra, og me er glade for å ha kome i mål med forhandlingane, fortel spelarutviklar Håvard Flo til sogndalfotball.no.

Opphavleg var ungguten midtbanespelar, men har i år blitt omskolert til høgrebacken.

– Det har vore ei forrykande lærekurve å bli flytta ned på backen, men ein av styrkane mine er god forståing, og det gjer det lettare å skjøna rolla mi tidleg. Og so har eg fått mykje hjelp frå trenarteamet til å ta omstillinga raskare.

Men han håpar å ein gong få tre tilbake til den sentrale midtbana der han sjølv meiner han høyrer heime.

– Eg håpar å få spele på midtbana, det er det eg har mest lyst til. Men no er nøgd med å spela uansett kor på bana det er.

Ambisjonar om utlandet

– No er eg nøgd med å vera i Sogndal, der eg vil bli ein sentral spelar i løpet av kontraktsperioden. Eg har sjølvsagt som eit mål å koma meg vidare, men om det blir i Norge eller utlandet, det står att å sjå.

Slik framgangen hans har vore det siste året, bør ikkje det vera veldig vanskeleg, men har er klar for at det truleg vil koma tunge periodar.

– I år har det vore veldig ekstremt, og kan ikkje rekne med så mykje framgang heile tida, og eg er budd på at det kanskje vil bli nokre periodar som blir tyngre enn andre, seier Skaasheim.