Normal

Sjur Hopperstad er død - blei 84 år gamal

Mangeårig ordførar i Vik og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Sjur Hopperstad, er død. Han blei 84 år gamal.

Sjur Hopperstad

TYDELEG RØYST: Sjur Hopperstad var ein sentral tillitsvald for Sentertpartiet i Sogn og Fjordane heilt frå 1960.

Foto: Arkiv / NRK

– Det er trist og trasig. Det er ein stor heidersmann som har gått vekk. I dag går tankane først og fremst til familien, seier fylkessekretær i Senterpartiet, Per Rune Vereide til NRK.

Sjur Hopperstad starta si politiske karriere som medlem av Balestrand kommunestyre frå 1960 til 1964. Frå 1964 var han medlem av kommunestyret i Vik, der han var ordførar heilt frå 1974 til 1987.

Han var medlem av fylkestinget 1964 til 1975 og 1980 til 1999. Frå 1992 til 1995 var han fylkesordførar, og frå 1995 til 1999 var han fylkesvaraordførar.

Hopperstad fekk kongens fortjenstmedalje i 2003.

Opning av Naustdalstunnelen i 1995

MARKERT POLITIKAR: Opninga av Naustdalstunnelen i 1995. F.v. vegdirektør Olav Søfteland, samferdsleminister Kjell Opseth, fylkesmann Oddvar Flæte og fylkesordførar Sjur Hopperstad.

Foto: NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune