Hopp til innhold

Sjukmelde etter E.coli-skandale

Terina i Sogndal har hatt svært mange sjukmeldingar etter E.coli-skandalen ved spekemat-anlegget. På det meste har 15 prosent av dei tilsette vore sjukmelde.

- Vi har vore gjennom ei tøff tid, og belastinga har råka dei tilsette ulikt, seier Gerd Signe Grinde Haare ved Terina.

E.coli skandalen rysta kjøtbransjen og var ei knallhard belasting for dei tilsette ved Gilde sitt spekematanlegg i Sogndal.

Anlegget med 90 tilsette måtte stogge produksjonen i fleire veker etter at det vart påvist E.coli-bakteriar i spekepølser frå fabrikken. Gilde truga også med å flytte ein tredjedel av produksjonen om dei ikkje fekk løyve til å starte produksjonen igjen.

Kjenner ikkje årsaka

Men etter at produksjonen starta igjen har sjukmeldigane skote i veret. I april og mai har 14-15 prosent vore sjukmelde. Det er ei dobling av talet på sjukmelde.

- Vi kjenner jo ikkje grunnen til at folk er sjukmelde. men det har ikkje vore så enkelt for alle tilsette den siste tida. Eg håpar vi snart har alle tilbake når vi kjem tilbake til det normale, seier Grinde Haare.