Hopp til innhold

Sjukepleiarmangel i Vik

Mangel på sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i Vik kommune gir eit ekstraforbruk på tre millionar kroner. Ekstrautgiftene i pleie- og omsorgssektoren tærer hardt på ein hardt pressa kommuneøkonomi, skriv Sogn Avis. – Bruken av vikarar er rett og slett ei naudhjelp og er sjølvsagt ikkje noko vi vil, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Marit Andersen.