Det er no tilsette fem-seks sjukepleiarar i kommunen.
- Så vi er sjølvhjelpne med sjukepleiarar slik situasjonen ser ut i dag, fortel administrasjonssjefen.
Overkapasitet
Solund har jobba intenst i fleire år for å skaffe sjukepleiarar.
- Vi har gjort alt vi har hatt fantasi til å gjere, seier Takle. Han trur hovudfaktoren til endringa er at det er overkapasitet av sjukepleiarar i landet. Det er ikkje lenger lett for nyutdanna pleiarar å få jobb, og det merkar ein godt i utkantane.
Vikarbyrå
I krisetida har kommunen leigd inn sjukepleiarar frå vikarbyrå, og det har vore ei svært dyr ordning, seier Takle.
- Det kostar lett 50 % meir enn fast tilsette. Solund har ein stram økonomi i utgangspunktet, og det går ut over andre felt, seier Takle.