Hopp til innhold

Sjukepleiarar utan arbeidsoppgåver

Spesialsjukepleiarane ved Nordfjord sjukehus må gå på jobb som vanleg - men sit att nesten utan arbeidsoppgåver.

Britt Nesje Solheim

PÅ POST: Spesialsjukepleiar Britt Nesje Solheim og hennar 15 kollegaer må møte på jobb - men har nesten ingen arbeidsoppgåver.

Foto: Britt Nesje Solheim / NRK

Når ortopedien ved sjukehuset stengjer for godt i dag, får dei tilsette ved avdelinga svært lite å gjere på framover.

Samstundes som dei aller fleste operasjonane forsvinn, må dei 16 spesialistsjukepleiarane ved anestesi og operasjonsavdelinga vere på post.

– No skal vi vere i beredskap for fødeavdelinga så lenge den består. Så håper vi på litt andre oppgåver. Skadepoliklinikken er no ein ting om kveld og natt. Noko anna har ikkje dukka opp endå, seier spesialsjukepleiar Britt Nesje Solheim.

Stengjer tidlegare

Av beredskap og faglege omsyn må sjukehuset ha ei operasjonsavdeling så lenge fødeavdelinga er open. Den har regjeringa bestemt ikkje skal stengje før oktober neste år.

I utgangspunktet skulle også ortopedien drivast like lenge, men i sommar bestemte styret seg for å stengje den alt no før nyttår .

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Siste operasjon ved Nordfjord sjukehus

SJÅ TV-SAKA: Siste operasjon ved Nordfjord sjukehus.

Nesje Solheim meiner det mest fornuftige hadde vore å drive begge avdelingar like lenge.

– Det var vel det som var utgangspunktet til styrevedtaket kom om nedlegging i løpet av året, seier ho.

– Gidd ikkje svare

Adm. dir. i Helse Førde, Jon Bolstad.

GIDD IKKJE: Administrerande direktør Jon Bolstad vil ikkje svare på kritikken.

Foto: Bård Siem / NRK

NRK har ringt administrerande direktør i Helse Førde Jon Bolstad for å spørre om dette er god utnytting av ressursane.

Men Bolstad seier han ikkje gidd å svare og at han har høyrt denne kritikken før, deretter slengde han på røret.