Hopp til innhold

Sjukepleiarar kan tape 100.000

Sjukepleiarforbundet i fylket er opprørt over den nye arbeidstidsordninga som frå måndag av blir innførd ved Nordfjord Sjukehus.

Nordfjord sjukehus
Foto: Ottar Starheim / NRK

Sjukepleiarane ved operasjons- og anestesiavdelinga vert pålagde mindre aktiv arbeidstid og større del av vakta som såkalla passiv vakt.

Ned over 100.000 i årsløn

Passiv vakt på vaktrom blir løna med berre ein tredel av vanleg timeløn. Dette kan føre til at sjukepleiarane går ned over 100.000 kroner i årsløn

Oddgeir Lunde, som er fylkesleiar i Sjukepleiarforbundet, er redd for at fleire sjukepleiarar vil sjå seg om etter anna arbeid.

– Dårleg måte

– Vi reagerer fordi vi meiner dette er ein dårleg måte å organisere arbeidstidsordningane på. Våre tilsette er varsla om at dei kan gå ned med mellom 100.000 og 120.000 kroner i årsløn.

– Kva følgjer får det?

– Det får store følgjer, for folk må då anten spe på inntekta med andre jobbar. Har dei ikkje høve til det, kan dei knapt leve av inntekta si, og enkelte har sagt at dei må sjå seg om etter andre jobbar.

– Kva gjer de med denne saka?

– Arbeidsgjevaren har styringsrett i denne saka. Vi har sendt saka til Arbeidstilsynet, og så får vi sjå kva dei seier.

– Kva gjer dette med arbeidsmiljøet?

– Veldig dårleg arbeidsmiljø

– Det skaper eit veldig dårleg arbeidsmiljø, og eg må seie at eg synest synd i Helse Førde når dei sender ut dette signalet til eventuelle andre arbeidssøkjarar. Dei fører ein dårleg arbeidsgjevarpolitikk.

Klinikkdirektør Kari Furevik i Helse Førde forsvarar omlegginga.

– Vi ynskjer å tilpasse arbeidstida opp mot dei tenestene vi skal yte på Nordfjordeid etter dei planar og vedtak som er gjorde av styret i Helse Førde.

– Når sjukepleiarane seier at prosessen ikkje har vore god nok, kva seier du til det?

– Har ikkje vore vanskelege

– Vi har hatt ein prosess som har gått sidan mars i år med mange møte, vi har og invitert med vernetenesta. Eg meiner vi ikkje har vore vanskelege, vi har grunngitt sakleg kvifor vi gjer det.

– Men forstår du at det kan vere vanskeleg å godta at løna går så mykje ned som over 100.000 kroner?

– Det gjer eg. Men dei får mindre arbeidstid og meir fritid.

– Men det er ei fritid som er bunden til Helse Førde i den forstand at dei må vere i beredskap?

– Det er ei arbeidstid der du har ei passiv vakt som blir betalt med ein tredel av løna.

– Ventar du velvilje frå dei tilsette når dette trer i kraft måndag?

– Eg ventar at dei møter på jobb etter den turnusen som er laga.