Hopp til innhold

Sjukepleiar tok oppgjer med sjukehussjefane på Facebook

– Eg har berre fått lovord frå pasientar, medarbeidarar, sjukepleiarar, legar, frå Haukeland og folk eg ikkje kjenner.

Hege Hopland- Nechita

TRIST: Hege Hopland-Nechita ville lette hjartet sitt etter at det nye innsparingskravet i Helse Førde vart kjent. – Eg får meldingar, møter folk i korridorar og garderobar som gir klemmar, legar og sjukepleiarar. Eg veit ikkje kven alle er ein gang, seier ho.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kjære Helse Førde,

Eg reknar ikkje med de nokon gong les kva eg skriv her, men eg vel å ta sjansen og fortelle dykk kva eg tenker. Så håpar eg at ingen vert støtt av det eg skriv.

Hege Hopland-Nechita, innlegg på Facebook

Slik byrjar sjukepleiar Hege Hopland-Nechita innlegget ho onsdag publiserte på Facebook.

Over 130 har kommentert, og meir enn 300 har delt innlegget.

– Eg er overvelda og audmjuk. Eg hadde aldri førestilt meg å nå ut til så mange, men eg håpar at eg i alle fall har gjeve oss på golvet ei røyst, seier Hopland-Nechita.

Spare 105 millionar

Bakgrunnen for innlegget er det nye innsparingskravet som Helse Førde må møte for å finansiere Nye Førde sjukehus.

Delar av sjukehusbygget er nær 40 år gamalt og krev vedlikehald. Skal Helse Førde byggje om, modernisere og byggje nytt som planlagt, må dei spare 105 millionar neste år.

Hopland-Nechita presiserer at ho ikkje har løysing på korleis Helse Førde skal få finansiert opprustinga. Men ho ber Helse Førde-styret også ha sjukepleiarane i tankane når dei handsamar tilrådinga i desember.

Sjukepleiarane kjenner seg som ein salderingspost.

– Eg føler vi hamnar utanfor debatten. Når det blir snakk om kutt, så skal sjukepleiarane slå seg saman og hjelpe kvarandre. Sjølvsagt skal vi det og sjølvsagt skal vi vere med å spare inn. Men eg føler vi ikkje blir verdsett som den yrkesgruppa vi er, seier ho.

Tryggleik først og fremst

– Ein sjukepleiar kan ikkje berre ta ein kvar sjukepleiarjobb. Vi utviklar kompetanse i avdelinga vi er og med dei diagnosane vi jobbar. Eg har jobba her i sju år og har framleis mykje å lære, seier ho og legg til at ho først og fremst tenkjer på tryggleiken til pasientane.

Ovanfor avisa Firda har både legetillitsvald Hans Jacob Westbye og avdelingssjef Nils Sletteskog ved kirurgisk avdeling uttrykt uro om styret følgjer opp kravet.

Sletteskog meiner innsparingane resulterer i ei massiv nedbygging.

– Naudsynte tiltak

Børge Tvedt, viseadministrerande direktør Helse Førde

KREVJANDE: Børge Tvedt, fungerande administrerande direktør, seier kutta vil råke breitt. – Det blir jobba i somatiske klinikkar, psykisk helsevern og stab og støttefunksjonar, som må ta sin del av innsparingane, seier han.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er bra at vi har engasjerte tilsette og vi har stor forståing for at det vekkjer engasjement når helseføretaket må spare pengar, seier fungerande administrerande direktør, Børge Tvedt.

Utover det ynskjer han ikkje å kommentere innlegget ovanfor NRK, utover at føretaket er i dialog med verneteneste og tillitsvalde om den økonomiske situasjonen.

– Sjukehusbygget er delvis frå 1979 og må moderniserast for å møte framtida. Vi må også modernisere måten vi driver tenester på, seier han og vedgår at situasjonen er krevjande.

Krevjande situasjon

Helse Førde får mindre pengar og aktiviteten og innteninga går ned. Samstundes aukar medikamentkostnaden.

Tvedt presiserer at ein per no ikkje kan seie korleis kutta blir fordelte.

– Det blir heilt klart krevjande og vil omhandle personalkostnader. Det rammer alle delar av verksemda, både sjukepleiarar og andre yrkesgrupper på alle nivå, seier han.

– Behovet er der, men

Hopland-Nechita er samd i at sjukehuset treng modernisering.

– Vi ser at det er vanskeleg for pasientane. Det er tronge sjukehustoalett, dusjane er tronge og dusjromma ikkje skikkeleg varme. Det er heller ikkje optimalt med firemannsrom. Ei modernisering er kjempeflott og naudsynt, seier ho.

Helse Vest tek ei endeleg investeringsavgjerd hausten 2018, med byggjestart året etter.