Sjukepleiar stal vanedannande tablettar frå helseinstitusjon

Ein sjukepleiar er sett under gransking både av fylkeslegen og politiet etter å ha stole medisinar frå eit medisinrom ved ein institusjon i fylket.

Medikamenter 1

STAL MEDIKAMENT: Ein sjukepleiar har stole medikament. Illustrasjonsfoto.

Foto: Svein Ommundsen / NRK

Sjukepleiaren har vedgått å ha stole over 100 tablettar med roande og vanedannande verknad. Tjuveria vart oppdaga i midten av juni i år, seier assisterande fylkeslege Jacob Andersen.

– Slik vi er informert har personen ikkje lenger eit arbeidstilhøve ved denne institusjonen.

Tjuveria vart oppdaga gjennom ein beholdningskontroll, og medisinmangelen vart etter kvart knytt opp mot vaktlistene. Sjukepleiaren vedgjekk då å ha teke av same medikamentet over ein periode på om lag tre månader.

Over 100 tablettar

Til saman skal sjukepleiaren ha stole over 100 sløvande og vanedannande tablettar, seier assisterande fylkeslege Jacob Andersen.

– Det er reist mistanke om at vedkomande kan ha brukt medikamentet sjølv, men saka pågår, og saka er dels til undersøking hos politiet og dels hos oss. Korkje politiet eller Fylkesmannen har avslutta saka.

Sjukepleiaren skal ikkje vere mistenkt for å ha brukt medikamentet på jobb. Andersen fortel at dei innimellom har saker til behandling om helsepersonell som har stole medisin.

– Difor er det vïktig at helseinstitusjonane har gode rutinar som gjer at helsepersonell ikkje stel medikament eller som gjer at slike tjuveri blir oppdaga på eit tidleg tidspunkt.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.