Hopp til innhold

Sjukehussaka slo til for fullt

Arbeidarpartiet har gått tilbake 18 prosentpoeng både i Eid og Selje kommunar.

Nils P. Støyva og Ingrid Heggø

UVENTA: Nils P. Støyva venta nedgong i Eid, Vågsøy og Selje. - Men dette var sterkare enn venta, seier Støyva.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Partiet misser til saman ni kommunestyrerepresentantar i dei to kommunane.

I Vågsøy går partiet attende med 11 prosent og taper tre mandat.

– Det var venta svært store utslag i dei tre kommunane i ytre Nordfjord. Sonja Edvardsen får ein ufortent smell. Ho har stått på for Eid på ein god måte, seier fylkesleiar Nils P. Støyva på spørsmål om tilbakegongen i Selje og Eid.

Sterkare utslag enn venta

I Selje enda Ap opp med ein oppslutnad på 4,2 prosent, medan dei i Eid får 8,5 prosent. I sistnemnde kommune går Alfred Bjørlo og Venstre fram 31,8 prosentpoeng til 43,9.

Det gir Venstre ti fleire representantar i kommunestyret, og sit med 13 av 29 representantar.

Støyva er sikker på at det er striden kring Eid sjukehus som har gjort utslaget.

– Det henger i hop med sjukehussaka som har versert ei tid. Den har gjeve sterkare utslag enn eg hadde trudd, seier han.

Gode val elles

Arbeidarpartiet starta dagen med ei valdagsmåling på over 33 prosent. Støyva vel å sjå det positive i gode resultat i andre kommunar av både fylket og landet.

Fylkesleiaren er varsam med kommentarane før resultata frå alle kommunane er klare.

– No får vi vente til resten av fylket er klart, men tilbakegongen er veldig stor. Likevel registrer eg svært gode val elles i fylket og i landet, seier han.