Hopp til innhold

Sjukehuskrav i partiprogrammet

Senterpartiet kjem truleg til å ta inn krav om fødetilbod og kirurgisk akuttberedskap ved lokalsjukehusa i partiprogrammet framfor fylkestingsvalet.

Liv Signe Navarsete

PARTILEIAREN: Liv Signe Navarsete talte til Sp-folket og var nøgd med forslaget til partiprogram.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Samsundes krev dei eit sterkt sentralsjukehus. På fylkesårsmøtet i partiet på Skei i dag, la fleirtalet i redaksjonsnemnda fram si tilråding.

Der står det: "...Sogn og Fjordane skal ha eit sterkt sentralsjukehus og to velfungerande lokalsjukehus. Sjukehusa skal ha akuttberedskap innan kirurgi og indremedisin og fødetilbod. Vi skal ha eit sjukehustilbod som er tilpassa framtida sine utfordringar."

Mindretalet på ein i redaksjonsnemnda ville ha med krav om at Nordfjord sjukehus skal ha fødeavdeling.

Navarsete nøgd

Årsmøte i Sogn og Fjordane Senterparti

FYLKESÅRMØTE: Sogn og Fjordane Senterparti er samla på Skei i helga.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Debatten om fylksprogrammet kjem på føremiddagen laurdag, men partileiar Liv Signe Navarsete var svært nøgd med den formuleringa som fleirtalet i redaksjonsnemnda har lagt fram.

– Eg oppfattar fylkesårsmøtet til å leggje seg på linje der dei ønskjer to velfungerande lokalsjukehusområde og eit sterkt sentralsjukehus. Men med dagens rammer oppnår ein ikkje det, så ein er nøydde til å sjå på finansieringa.

– Kan ikkje skvise Helse Førde

Ho meiner at dette forslaget er samlande og at ingen tener på den splittinga som har vore i Sogn og Fjordane. Mange ho har snakka med ønskjer både eit sterkt sentralsjukehus og velfungerande lokalsjukehus.

– Målsetjinga må vere å finne løsyingar som kan iverta det. Då kan vi ikkje skvise helseføretaket på økonomi, men sjå på korleis finansieringa er. Det er sjølvsagt krevjande.

Årsmøtet til Senterpartiet kjem også til å vedta ei fråsegn til sentrale styresmakter om likeverdige helsetenester uansett kvar ein bur. Denne fråsegna nemner ikkje konkrete krav om innhald i sjukehusa, men peikar på at det er naudsynt å få ei raskt avklaring av kva roller og funksjonar sentralsjukehsuet og lokalsjukehusa skal ha.