Hopp til innhold

Sjukehusgrenser tvingar pasientar på lange turar

Frustrerte innbyggjarar får ikkje lov til å nytte næraste sjukehus, sjølv om det kan ligge berre 20 minuttar unna.

Senterpartiordførar i Hornindal Anne-Britt Øen Nygård.

SKUFFA: Senterpartiordførar i Hornindal, Anne-Britt Øen Nygård, fekk negativt svar på førespurnaden om at honndølene kan få nytte næraste sjukehus.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I oktober får Hornindal kommune ny veg til Volda. Ein veg som vil ta 20 minuttar å komme til sjukehus.

Men i staden for å sende pasientar til Volda, ynskjer helseføretaka å sende pasientane i over to timar lengre på landevegen til Førde.

– Det er heilt naturleg at vi nyttar oss av Volda når det er 20 minuttar opp dit, og to og ein halv time til Førde, seier ordførar Anne-Britt Øen Nygård i Hornindal.

Vil nordover

Sjukehuset i Volda, akuttmottaket
Foto: Arild Pettersen / NRK

Regjeringa har vedteke å leggje ned all kirurgi ved lokalsjukehuset i nabokommunen Eid.

For ei tid tilbake sendte Øen Nygård brev til Helse Midt Norge med beskjed om at stadig fleire i kommunen vil velje Volda framfor Førde i tida framover.

– Eg trur pasientane ynskjer å bli hjelpte så snart som råd, seier ho.

Fekk nei

Men det kan vise seg vanskeleg. For djupt inne i ein av dei nye tunnelane mellom Volda og Hornindal, går det ei usynleg grense – grensa mellom Helse Vest og Helse Midt Norge.

Dermed blir svaret frå Helse Midt Norge at innbyggjarane må halde seg til Helse Vest. Noko som igjen betyr at pasientar til dømes med lårhalsbrot må ut på langtur.

– Eg vart skuffa då, fortel Øen Nygård.

Vil sørover

Haukeland Universitetssykehus

VIL HIT: Innbyggjarane i Gulen vil til Haukeland, framfor Førde.

Og honndølene er ikkje åleine om å ynskje seg til eit anna helseføretak. For nær to år sidan bad Gulen kommune om å få skifte frå Helse Førde til Helse Bergen.

Dette fordi det for mange innbyggjarar er langt kortare til Haukeland enn til Førde. Også her er skilnaden over to timar for einskilde pasientar.

Men Helse Vest har planlagt å bruke minst sju månader til for å bestemme seg.

– Eg tykkjer det går veldig seint. Det tykkjer eg, seier ordførar Halvard Oppedal (Sp).

– Vil ikkje endre?

Gulen-ordføraren lurer på om sakshandsamingstida skuldast at Helse Vest eigentleg ikkje vil at grensene skal endrast.

– Det er det ein kan byrje å lure på. For det viser seg at desse føretaka og fylkesgrensene legg veldig til hinder for eit naturleg samarbeid, seier han.

I Helse Vest beklagar administrerande direktør, Herlof Nilssen, at ting har teke lang tid for Gulen.

Kan skape presedens

Men han seier at det å bytte sjukehus er ein langt meir komplisert prosess enn ein først skulle tru.

Fleire kommunar i Hordaland vil også til Haukeland, og prosjektet som skal vurdere dette har blitt stort og tek tid.

– Det er slik at eit spørsmål frå Gulen, vil skape presedens også for tilsvarande saker andre stader. Difor må vi bruke tid på det. Eg beklagar det, men det er slik det er blitt.

Kan møte problem

Nilssen fryktar også at pasientane kan møte problem på sjukehuset om dei byter frå eitt føretak til eit anna.

– Vi har etablert likt elektronisk pasientjournalsystem innan i vår føretaksgruppe, som gjer at vi har bygt vekk nokre hindringar. Mellom to regionar, så vil vi derimot ha problem med at det er ulike pasientjournalsystem, og derigjen ytterlegare vanskar med samhandling knytt opp til pasientinformasjonen, seier han.

Kjem uansett

I Hornindal meiner ordførar Øen Nygård at dei er offer for totalt unødvendig byråkrati.

Ho vil bli kvitt dei regionale helseføretaka, og seier folk i kommunen truleg vil trasse direktørane og reise til det sjukehuset dei sjølve vil.

– Dei må berre vere klare over at vi kjem til å komme.