NRK Meny
Normal

Sjukehuset varsla ikkje om beinbrot

Med kraftige smerter vart sjukeheimspasienten tatt fram på golvet. Først dagen etter fekk sjukeheimen vite om beinbrotet.

Førde Sentralsjukehus

SJUKEHUSET: Ein sjukeheimspasient vart sendt heim utan dokumentasjon på beinbrotet røntgenundersøkinga viste.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Helse Førde tok sjølvkritikk for mangelfull og feilaktig tilbakemelding om skadane til sjukeheimspasienten då den vart behandla sist vår.

Pasienten vart sendt til sjukehuset med ei røntgenundersøking. Denne avdekka eit beinbrot. Men pasienten fekk ikkje med seg noko skriftleg dokumentasjon på dette tilbake til sjukeheimen.

Då personalet ved sjukeheimen ringde sjukehuset for å få resultatet av undersøkinga, vart det opplyst at dei ikkje fann noko brot.

Først dagen etter vart sjukeheimen orientert om beinbrotet. Dei ringde legekontoret for meir smertestillande, men fekk opplyst at pasienten hadde brotskade som ikkje skulle behandlast med gips.

Pasienttryggingsutvalet konkluderer med at sjukehuset glapp på si faste rutine om å sende epikrise både til sjukeheimen og legekontoret etter poliklinisk undersøking/behandling. I tillegg svara altså ein tilsett ved sjukehuset feil på spørsmål om pasienten hadde brot.

– I denne saka er det tydeleg at det har vore både manglande kommunikasjon og feil opplysning. Dette er beklageleg, konkluderer utvalet.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast