- Saka er no granska, og konklusjonen er at behandlinga han fekk var fagleg forsvarleg, seier fylkeslege Petter Øgar.
Det var i midten av april i år at ein 34 år gamal mann frå Gulen vart lettare skadd i ei motorsykkelulukke og send til sentralsjukehuset i Førde. Der klaga han over smerter i kroppen, og vart etter tre dagar send til Haukeland Universitetssykehus i Bergen. Der døydde mannen etter kort tid.
Uvisse om smitten
Saka har no vore granska av Helsetilsynet i Sogn og Fjordane. Eit spørsmål mange har stilt seg er om 34-åringen frå Gulen vart smitta av streptokokkane, som også vert kalla sjukehusbakteriar, under sjukehusopphaldet. Dette har granskinga ikkje gitt svar på.
Det einaste Øgar seier kanskje kunne vore gjort annleis, og han presiserer «kanskje», er at antibiotikabehandlinga av pasienten eventuelt kunne ha starta tidlegare.
Helsetilsynet reknar no saka som avslutta. Og resultatet er ei avgjerd om å ikkje føre saka vidare. Det er ikkje høve til å klage på denne avgjerda.