Hopp til innhold

Sjukehuset i Florø likevel til sals

Sjukehusbygget i Florø vert likevel lagt ut for sal. Dette er trass i at Helse- og omsorgsdepartementet tidlegare har stoppa eitt salsforsøk.

Tidl. Florø sjukehus

TIL SALS: Sjukehusbygget i Florø vert likevel lagt ut for sal.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Helse Vest presiserer at dei berre ynskjer å undersøkje kor vidt nokon er interesserte i bygget.

– Det ligg ingen konkrete eller direkte handling i dette om vi faktisk skal selge eller ikkje. Vi er altså berre ute for å undersøke om det er interesse for bygget, seier Oddvar Nilsen, styreleiar i Helse Vest.

Store diskusjonar om bygget

Oddvard Nilsen

Oddvar Nilsen, styreleiar i Helse Vest

Foto: Helse Vest

Sidan sengeposten på sjukehuset i Florø vart lagt ned i 2008 har det vore store diskusjonar kring bygget. Etter at forhandlingane mellom Helse Vest og Flora kommune vart avslutta utan resultat, vert huset no lagt ut på den opne marknaden.

Bente Frøyen Steindal, ordførar i Flora kommune, har ikkje gjeve opp sjukehusbygget. Etter forhandlingar med Flora kommune legg no Helse Vest bygget ut på den opne marknaden.

– Både vi og Helse Førde har hatt samtaler med Flora kommune, men dei er ikkje interesserte, seier Nilsen.

– Vi er ikkje uinteresserte

Frøyen Steindal stadfestar at Flora kommune har avslutta forhandlingane med Helse Vest. Likevel legg ho vekt på at kommunen slett ikkje er uinteresserte i huset. Dei er berre usamde i vilkåra kring ei overtaking.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bente Frøyen Steindal

Bente Frøyen Steindal (Ap), ordførar i Flora kommune

Foto: Simon Solheim / NRK

– Vi har avslutta forhandlingane fordi vi ikkje kunne gå for dei krava som vart sett. Vi er interesserte i kva som skjer og kva som skal vere innhaldet i bygget, seier Frøyen Steindal.

– Det som står fast er at bygget er regulert til offentlege føremål og eg har ikkje gitt opp håpet om å få til noko i bygget som kan vere til nytte for Hrlse Førde, Flora kommune og resten av samfunnet, seier ordføraren.

Nilsen seier departementet skal verta involverd ved eit eventuelt sal.