Hopp til innhold

Sjukehuset forklarte ikkje Bjarne (84) kvifor kona mista livet

VÅGSØY (NRK): Heilt sidan kona døydde på sjukehuset før jul har Bjarne Skavøy grubla. Kunne legane gjort meir for å redde ho?

Bjarne Skavøy

TUNG TID: Bjarne Skavøy har hatt mange søvnlause netter med grubling etter at kona døydde.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg tenker på det kvar dag. Det er klart eg gjer det, seier Skavøy.

I oktober døydde kona Borgny Skavøy (83) etter nær 60 år samliv. Kona hadde alvorleg kols, men framleis lurer enkemannen på om Nordfjord sjukehus kunne berga ho då ho vart innlagt med pusteproblem.

For sjølv om ho var kronisk sjuk, kom døden uventa.

– Om Borgny hadde døydd under forsøket på å redde ho, så kunne eg forstått det, men eg ser ikkje at legane prøvde i det heile tatt, seier Skavøy.

Bjarne og Borgny Skavøy

EI ANNA TID: I 1957 møttest Bjarne og Borgny Skavøy. I 1960 gifta dei seg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Mange etterlatne grublar etter dødsfall

NRK har snakka med pasientombod over heile landet som fortel om fortvila pårørande som kontaktar dei. Mange manglar informasjon etter dødsfall.

Det finst ingen statistikkar over omfanget, men i dei største fylka tar folk kontakt fleire gonger i månaden. Omboda trur dei berre ser toppen av isfjellet.

Lisa Førde Refsnes

OMBOD: Lisa Førde Refsnes har opplevd at pårørande har grubla i fleire år før dei valde å kontakte pasientombodet.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

– Det som er kanskje ei enkelthending i pårørande sitt liv, er kanskje samlebandproduksjon i helsevesenet, seier pasientombod Lisa Førde Refsnes i Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Dette skjer altfor ofte

Også pasientombodet i Oslo og Akershus Anne-Lise Kristensen er oppgitt.

– Dette skjer altfor ofte. Folk har ikkje blitt møtt av helsetenesta, dei har ikkje fått tilbod om samtale, dei har ikkje blitt kalla inn eller følgt opp.

Kristensen seier at i mange av sakene kunne kanskje ikkje utfallet for pasienten blitt annleis.

– Men pårørande sit att med ein tvil, og det skapar sjølvsagt ein mistillit til helsetenesta.

Sit att med tankane

Borgny Skavøy hadde mange gonger dei siste åra blitt innlagt på sjukehuset. Også denne gongen trudde ektefellen det ville gå bra.

– Dei sa ho hadde opphoping av co₂. Eg rekna med ho skulle få pustemaske, slik ho hadde fått før og blitt frisk igjen, men denne gongen sa dei at ho ikkje var kandidat til det. Eg forstod ikkje kva det skulle bety? Kva slags kandidat skal ein vere for å få hjelp på sjukehuset?

– Dette skal ordne seg, sa Borgny til Bjarne.

Men då han var heime ein ettermiddag frå sjukehuset fekk han telefon. Han burde ikkje vere lenge vekke. Det var ikkje sikkert kor lenge ho hadde igjen.

– Frå kvelden og heile natta sat eg der og heldt ho i handa, dagen etter klokka elleve anda ho ut, seier 84-åringen.

Bjarne Skavøy

LEI SEG: I nær 60 år levde Bjarne og Borgny saman. Dei fleste av dei i Kjøllefjord i Finnmark, dei siste åra var dei mest i Vågsøy i Sogn og Fjordane som er heimkommunen til Bjarne Skavøy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Bjarne Skavøy seier han er ein som ikkje brukar å spørje for mykje.

– Eg fekk ingen informasjon. Eg fekk eit skjema om kva gravferdsbyrå eg kunne kontakte. Det var det, eg var heilt ute av det. Eg berre reiste heim att, eg orka ikkje å vere der lenger.

Pårørande har rettar

Pasientombod Anne-Lise Kristensen seier pasientar og pårørande har lovfesta rettar.

– Når det er alvorlege komplikasjonar, som dødsfall, skal ein få tilbod om eit eige møte med helsetenesta. Tilsette i helsevesenet må bli meir bevisste på dette.

Også pårørande kan be om samtale. Om dei ikkje orkar kan pasient- og brukaromboda hjelpe til, legg Kristensen til.

– Vi synest dette er leit

Fagdirektør i Helse Førde Rune Larsen, seier sjukehuset har rutinar, men at ein også må vere sikre på at beskjedane når fram.

– Eg synest det er forferdeleg trist at ein mann som lenge har kjempa med kona si mot ein alvorleg sjukdom sit att med negative kjensler, både når det gjeld behandling og informasjon. Det synest vi er veldig leit, og vi vil prøve å kome til botnen i saka, seier Larsen.

Har bebreida seg sjølv

Same dag NRK intervjuar Helse Førde, kontaktar Nordfjord sjukehus Bjarne Skavøy. Dei spør om han vil reise til Nordfjordeid og møte dei. Skavøy ynskjer at NRK er med på møtet.

Bjarne Skavøy møter ved Nordfjord sjukehus

MØTET: Overlege Jon Sverre Arnestad, og seksjonsleiar Hilde Manseth Bjørhovde møtte Bjarne Skavøy på Nordfjord sjukehus.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Overlegen han møter er ikkje den same legen som var på vakt då Borgny var sjuk og døydde. Derfor må han leite etter svara i journalen. Skavøy får spørje om det han vil, også om maska som ikkje vart brukt.

Legen fortel at såkalla maskebehandling kan gjere det lettare å puste, men at sjukehuset ikkje forventa at det ville hjelpe denne gongen.

Kona var alvorleg sjuk. Antakeleg kunne ingenting redda situasjonen.

– Eg har bebreida meg sjølv for at eg ikkje spurte og var meir pågåande dei dagane, seier Bjarne Skavøy.

Sjukehuset seier til NRK at det er viktig folk tar kontakt når dei saknar informasjon. Dei vil også lære av saka.

Skavøy har fått vite meir, men meiner framleis det burde vore gitt maskebehandling.

– Men eg har fått greie på kva dei meinte om tilstanden hennar, det hjelper, seier Skavøy.

– Det er det same kva eg gjer, eg får ho ikkje tilbake. Eg håpar helsevesenet lærer av dette, seier Bjarne Skavøy.