Økonomisk styring og oppfølging er stort sett ikkje-eksisterande. Dette er berre ein av mange nådelause konklusjonar i rapporten som er laga av firmaet Transmedica AS.
Rapporten er bestilt av direktøren ved Førde sentralsjukehus, og oppdraget var å gå gjennom drifta av medisinsk avdeling i Førde og Florø, den største sjukehusavdelinga i Helse Førde med eit nettobudsjett på 52 millionar kroner.
Leiinga fungerer ikkje
Rapporten er stempla ikkje-offentleg, men NRK Sogn og Fjordane har fått tilgang til rapporten som fortel om ei sjukehusavdeling fullstendig utan styring. Disiplinen er for dårlig, den overordna leiinga fungerer ikkje, produktiviteten er for låg og det eksisterer ikkje dokumentasjon på den medisinske kvaliteten.
Rapporten er ikkje presentert for styret i Helse Førde, den er heller ikkje presentert for arbeidsgruppa som gjekk inn å flytte den medisinske avdelinga i Florø til Førde.