NRK Meny
Normal

Sjukehusaksjonen går til rettssak

Sjukehusaksjonen i Nordfjord har bestemt seg for å gå til rettssak mot Helse Førde.

Svein Hansen

TIL SAK: Leiar i sjukehusaksjonisten i Nordfjord, Svein Hansen, meiner nedlegginga er eit brot på gåvebrevet frå 1950.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dei vil få prøvd vedtaket om å leggje ned ortopedien ved Nordfjord sjukehus for domstolen.

– Vi ser ikkje andre moglegheiter. Eg har sagt før at det er to moglegheiter å redde dette på. Det er anten att Regjeringa, anten ved Stoltenberg eller ministeren, griper inn, eller så må det bli rettssak, seier styremedlem i sjukehusaksjonen, Jan Eide.

Står ribba att

Den første moglegheiten forsvann måndag då Helse Vest og Helse- og omsorgsdepartementet har avslått oppmodinga om å stogge nedlegginga av sjukehuset.

Aksjonistane er ikkje samd med helseføretaket at innbyggjarane i Nordfjord får eit fagleg forsvarleg tilbod med nedbygginga.

– Sjukehusaksjonen er av den klare formeining at Nordfjord sjukehus ved inngongen til 2012 vil stå att som eit ribba sjukehus, som ikkje vil kunne gje lokalbefolkningen i Nordfjord eit fagleg forsvarleg tilbud. Sidan ortopediverksemda ved sjukehuset blir avvikla, forsvinn all kirurgisk aktivitet frå sjukehuset. Det er også eit brot på gåvebrevet frå 1950, skriv leiar i sjukehusaksjonen, Svein Hansen, i ei pressemelding.

Har ei framtid

Aksjonistane har allereie engasjert advokat i saka, og har oppmoda innbyggjarane i Nordfjord om å støtte opp om aksjonen økonomisk. Eide er overtydd om at det bør vere ei framtid for Nordfjord sjukehus.

Han ynskjer at domstolen skal avgjere kven som har gjort rett og gale i saka. Eit slikt rettsleg steg vil vere det første av sitt slag.

– Her snakkar vi om å auke befolkningsgrunnlaget i Nordfjord, og så blir vi handsama på denne måten, seier Eide.

Fryktar ikkje sak

Clara Øberg

TILTRU: Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde-styret.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå styreleiar Clara Øberg i Helse Førde. Ho har tidlegare uttala at ho ikkje fryktar utfallet av ei eventuell rettssak.

Då sjukehusaksjonistane først varsla rettssak, sa Øberg at ho har stor tiltru til rettssystemet.

– Det er fritt opp til dei å saksøke kven dei vil. Dersom sjukehusaksjonen meiner dette er ein metode som gangar dei, så er det greitt for meg, sa ho.

Vegopning på Bergum i Førde kommune