Hopp til innhold

Helseføretak braut lova då pasient døydde

Mannen køyrde utfor ei trapp i rullestol og døydde av skadane. Fylkesmannen slår fast at Helse Førde braut lova.

Sentralsjukehuset i Førde

FØRDE SENTRALSJUKEHUS: Mannen i 60-åra var pasient ved Førde sentralsjukehus.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Det var i januar at pasienten trilla gjennom ei open dør til rømmingsvegen på Førde sentralsjukehus. Han fall utfor trappa og døydde to dagar seinare av skadane.

Fylkesmannen har granska om Helse Førde hadde nok tilsyn med pasienten. Dei har sett på helsehjelpa som mannen i 60-åra fekk fram til ulukka skjedde.

– Pasienten fekk uforsvarleg helsehjelp, seier konstituert fylkeslege i Sogn og Fjordane, Jacob Andersen.

Mannen blei av Helse Førde vurdert som skikka til å ferdast utan tilsyn, og var utan tilsyn då ulukka skjedde. Pasienten var dårleg til beins og sat i rullestol.

– Tiltaka frå helseføretaket var ikkje gode nok til å møte pasienten sin tilstand. Det er alltid alvorleg når vi kjem fram til at det er uforsvarleg helsehjelp. Pasienten mista livet som følge av ulukka som skjedde, seier Andersen.

Assisterande fylkeslege Jacob Andersen

UFORSVARLEG: Konstituert fylkeslege, Jacob Andersen, har granska rullestol-dødsfall.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Helse Førde: – Vi gjorde mykje, men vi gjorde ikkje nok

Helse Førde har vore i kontakt med fylkeslegen om tilsynet.

– Dette tek vi til etterretning, seier Kristine Longfellow, som er fagdirektør i Helse Førde.

Helseføretaket har undersøkt hendinga. Dei fann område ved Førde sentralsjukehus som måtte forbetrast. Etter ulukka har føretaket hengt opp skilt om at dørene til ei kvar tid skal vere stengd, men ikkje låst.

– Vi gjorde ei grundig vurdering av pasienten. Vi gjorde mykje, men vi gjorde ikkje nok. Det var ei dør som ikkje burde vore open, og ein pasient som ikkje burde døydd, seier Longfellow.

Blitt granska i fleire månader

Helse Førde varsla politi, fylkesmannen og Statens helsetilsyn om hendinga då den skjedde. Fylkeslegen har granska saka for Fylkesmannen sidan februar.

– Fylkesmannen kan ikkje gi bot eller reaksjon. Helse Førde skal utarbeide ein plan for korleis dei vil arbeide vidare med denne saka, noko vi vil følge opp, seier Andersen.

Politiet bad Helsetilsynet om ein uttale i etterforskinga.

– Eg vil tru at vår konklusjon får konsekvensar for korleis politiet vil følge opp saka, seier Andersen.