Hopp til innhold

Ja, vi har alltid krangla om sjukehusa!

Dersom du trur at bråk og krangel rundt sjukehusa er noko som oppstod etter at Staten overtok ansvaret for sjukehusdrifta, så tru om att.

Sjukehusaksjon i Høyanger 1979

MANGE KAMPAR: Sjukehusa har 'alltid' vore eit stridens eple i Sogn og Fjordane. Biletet syner ein sjukehusaksjon i Høyanger i 1979.

Så tidleg som i 1838 var det i Sogn og Fjordane på tale å byggje sjukehus, aktuelle stader var Førde, Dale, Bøfjorden og Leirvik. Men amtmannen forstod at dette ville bli ein dragkamp som ville skape splid, så han rådde til at pasientane skulle sendast til Bergen.

(Artikkelen held fram under animasjonen)

Best med sjukehus i «byn»

I Sogndal hadde det sidan 1819 vore eit hospital for folk med kjønnssjukdommar, men det vart lagt ned i 1838. Vedtaket om nedlegging vart gjort på det aller første amtstinget - på Tross i Dale.

Eit forsøk frå Sogndal på å få bygd nytt sjukehus der vart avvist i 1842. Så gjekk det 86 år der folk i fjordfylket måtte greie seg med sjukehuset i «byn». Men sjølv om Fylkesbaatane etter kvart kunne tilby ruter til Bergen frå dei fleste fjordarmane i nordfylket var det ei lang reise for sjuke og skadde menneske.

(Artikkelen held fram under biletet).

Høyanger sjukehus

OPPRETTA I 1934: Høyanger sjukehus på 1950-talet.

Foto: ukjend / www.fylkesarkiv.no

Leikanger vart utpeikt, men...

Difor var det mange som tok til orde for at det måtte byggjast sjukehus ein eller fleire stader i Sogn og Fjordane. I 1928 var det ein hard strid som enda med at fylkestinget peika ut Leikanger som stad for eit fylkessjukehus.

Men private initiativ andre stader kom Leikanger i forkjøpet. I Lærdal tok distriktslege Rolf Ingemann Christophersen initativet til å byggje Lærdal sjukehus. Han sette i gang ein innsamlingsaksjon, og i 1930 stod sjukehuset klart med 38 senger.

I Høyanger hjelpte aluminiumselskapet NACO dåverande Kyrkjebø kommune med å byggje Høyanger sjukehus, som stod klart i 1934 med 40 senger. Det førde til at fylket gav opp planane om sjukehus i Leikanger.

(Artikkelen held fram under biletet).

Florø sjukehus ca. 1950

OPPRETTA I 1936: Florø sjukehus på 1950-talet.

Foto: Kåre Botnmark © Vest Foto/Fylkesarkivet

I staden gjekk politikarane inn for å satse på Florø, der hadde Røde Kors-sjukehuset vore i drift sidan 1926. I 1933 stod fylkessjukehuset i kystbyen klart med 60 senger.

Mangemillionæren William Henry Singer jr. , som hadde busett seg i Olden, hadde lova pengestøtte til sjukehuset i Florø, men han trekte seg og gav i staden pengar til Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid.

Fire sjukehus på få år

Der kom sjukehuset i gang med 40 senger i 1936. Dermed hadde Sogn og Fjordane i løpet av få år fått fire sjukehus, tre private og eitt offentleg.

(Artikkelen held fram under biletet).

Høyanger sjukehus

OPPRETTA I 1934: Høyanger sjukehus på 1950-talet.

Foto: ukjend / www.fylkesarkiv.no

På slutten av 1940-talet overtok fylkeskommunen sjukehusa i Lærdal, Høyanger og på Nordfjordeid, og det var ein roleg periode utan nemnande strid rundt sjukehusa fram til 1964.

Då kom eit utval med fylkeslege Harald J. Blaauw i spissen med framlegg om å byggje nytt sjukehus i Sogndal, legge ned i Lærdal og byggje ut sjukehusa i Høyanger, Florø og på Nordfjordeid.

Planen vart vedteken av fylkestinget, men vart aldri sett ut i livet. I staden kom det nye planar. Helsedirektoratet kom med eit innspel i 1964: Bygg ut sjukehuset i Florø til 140 senger, utvid sjukehusa i Høyanger og Lærdal litt, og legg ned Nordfjord sjukehus.

(Artikkelen held fram under biletet).

Lærdal sjukehus

OPPRETTA I 1930: Lærdal sjukehus (i 2006).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Evang og Hegbom

Slik vart det heller ikkje. Helsedirektør Karl Evang meinte tida var inne til å satse på større einingar, han sende i 1967 brev til fylkestinget og bad dei vurdere å leggje ned småsjukehusa og i staden byggje eit sentralsjukehus.

I Sogn og Fjordane vart fylkeslege Rolf Hegbom målberar for Evang sitt syn, og dermed var ein fem år gamal og etter kvart svært så beisk sjukehusstrid i gang. Hegbom kom med ein plan om å byggje sentralsjukehus i Førde, byggje ut Lærdal sjukehus og gjere sjukehusa i Høyanger, Florø og på Nordfjordeid om til sjukeheimar.

Denne planen vart forkasta av fylkestinget med 19 mot 11 røyster. I staden vart det vedteke å byggje ut dei fire eksisterande sjukehusa, men usemje om korleis det skulle gjerast førde til at det aldri kom i gang bygging.

Regjeringa overstyrde fylket

Eit nytt vedtak med same konklusjonen vart gjort i 1970. Men ei ny sjukehuslov gav Staten større makt, og i 1971 gjorde regjeringa Bratteli om vedtaket frå Sogn og Fjordane fylkesting. Regjeringa avgjorde at det i staden skulle byggjast sentralsjukehus i Førde.

Den sindige Trygve Bratteli hadde nok ikkje rekna med den stormen han hausta med dette vedtaket. Ei lang rekkje medlemmer melde seg ut av Arbeidarpartiet i protest, og folk gjekk i fakkeltog mot overstyringa.

Det gjorde såpass inntrykk på regjeringa Bratteli at det i 1973 vart avgjort at alle dei fire lokalsjukehusa skulle byggjast ut, i tillegg til at Sogn og Fjordane skulle få eit sentralsjukehus i Førde.

(Artikkelen held fram under biletet).

Sjukehusaksjon i Måløy

I FAKKELTOG FOR NORDFJORD SJUKEHUS: Folk i Måløy gjekk mann av huse for sjukehuet.

Foto: Øystein Torheim

Kamp i Høyanger og Florø

I 1977 var utbygginga av lokalsjukehusa ferdig, og i 1979 kom Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane i drift. Ei pose og sekk-løysing, med andre ord. Men det viste seg fort at dette vart svært dyrt for fylkeskommunen, i tillegg var det stor overkapasitet på sjukehustenester.

Dermed måtte det kuttast, og sjukehuset i Høyanger fall først. I 1982 vart det gjort om til sjukeheim og overteke av Høyanger kommune. Men det skjedde ikkje utan kamp. Fleirtalet i fylkestinget, sentralsjukehuset i Førde og Førde generelt vart i lang tid skyteskive for frustrasjonen folk i Høyanger kjende over at dei miste sjukehuset sitt.

Sjukehuset i Florø vart i 1994 gjort om til ei avdeling under Sentralsjukehuset, også det skjedde etter ein langvarig og opprivande prosess.

Staten overtok

I 2001 overtok Staten alle sjukehusa, det regionale helseføretaket Helse Vest med underavdelinga Helse Førde fekk ansvaret for å drive sjukehustenestene i Sogn og Fjordane.

Dermed slapp fylkeskommunen unna rolla som sjukehusnedleggar og skyteskive for harmen frå innbyggjarane då det vart Lærdal og Nordfjordeid sin tur til å kjempe for sjukehusa sine.

Den kampen enda med at fødeavdelingane og akuttfunksjonane ved Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus vart lagde ned i 2011, og Nordfjord sjukehus miste og ortopedien.

Førde Sentralsjukehus frå Hafstadfjellet

EIT STRIDENS EPLE: Førde Sentralsjukehus.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Neppe tilbake til fylkeskommunen

I staden vart det løyvd 75 millionar for at Nordfjord sjukehus skal byggjast ut som modell for «framtida lokalsjukehus». Dette er ei løysing som Sjukehusaksjonen i Nordfjord ikkje har godteke, og sjukehusaksjonistane har oppmoda folk i Nordfjord om å bruke sjukehuset i Volda i staden for å reise til Førde.

Misnøye med dei regionale helseføretaka har ført til at fleire parti har gjort landsmøtevedtak om at dei ynskjer ei ny organisering av sjukehusa. Ei av løysingane som har vore skissert er at fylkeskommunane igjen skal overta drifta av sjukehusa. Den som lever får sjå.