Hopp til innhold

Sjukeheim får kritikk

Ein kommune i Sogn og Fjordane har fått kritikk frå Fylkesmannen etter at ein sjukeheimspasient døydde. Pasienten hadde magesmerter som ikkje vart dokumentert eller rapportert vidare av pleiepersonellet til tilsynslegen. Mageproblema vart dermed ikkje fanga opp eller undersøkt av lege ved legetilsyn, skriv Fylkesmannen. Helsetenestene var ikkje forsvarlege.