Hopp til innhold

Sjukdom stansar Roger Aa Djupvik

Roger Aa Djupvik frå Hyen stilte ikkje til start i det 50 km lange turrennet i Jizerská i Tsjekkia søndag.

Roger Aa Djupvik på start

HINDRA AV FORKJØLING: Roger Aa Djupvik måtte stå over turrennet i helga.

Foto: Rune Fossum / NRK

Aa Djupvik er med på laget til Team Coop. Lagleiaren der, David Nilsson, fortel at Roger har vore plaga av forkjøling den siste tida, og at han ikkje var i form til å stille opp i Tsjekkia.

Rennet i Jizerská vart vunne av Anders Aukland frå Team Xtra, medan Lukas Bauer vart nummer to og bestemann på Team Coop.

Birkebeinerrennet er hovudmålet

David Nilsson reknar med at Roger Aa Djupvik er klar til det neste store turrennet, Marcialonga i Italia 27. februar.

– Vi har god tru på Roger, men det er kanskje ikkje i Marcialonga han kjem til å hevde seg best. Han er best i diagonalgang, og i Marcialonga er det mykje staking.

Det er Birkebeinerrennet som er hovudmålet til Roger, seier Nilsson. I fjor vart han nummer to i rennet mellom Rena og Lillehammer. Men det aller første målet hans er å bli frisk.

NRK.no har prøvd å få kontakt med Roger Aa Djupvik utan å lukkast.