Hopp til innhold

Sjuk Åge avlyser konserten

Trøndarrockaren held likevel ikkje konsert i Førde i kveld.

Åge Aleksandersen
Foto: Kjetil Branæs / NRK

Arrangør Fjordane Musikkforum har prøvd å finna eit erstatningsband sidan dei fekk meldinga om at Åge Aleksandersen er sjuk i går kveld.

- Me lukkast ikkje å finne kjende nok band som kunne spele på så kort varsel, skriv Remi Tystad i Fjordane musikkforum i ei pressemelding.

Dei erstattar Åge Aleksandersen med bygderockbandet Sjuande far i huset frå Verdal i Trøndelag og dansebandet ViMenn frå Førde.