Hopp til innhold

Sjuåringar spelar spel med 18-årsgrense

KAUPANGER (NRK): Ungar blir stadig yngre når dei får sitt første møte med valdelege spel. Fagfolk meiner det har blitt eit samfunnsproblem.

Jostein Bildøy

ÅTVARAR: Jostein Bildøy i Barnevakten opplever at stadig fleire sjuåringar har spelt 18-årsspel med valdeleg innhald.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Debutalderen har lenge vore på ni og ti år på spel med 16- og 18-årsgrense. Men det siste halvtanna året har eg vore på fleire skular der sjuåringar fortel at dei spelar eller har prøvd spel med 18-årsgrense. Det er tidleg, seier Jostein Bildøy.

Han jobbar i Barnevakten og reiser rundt på skular for å informere elevar, foreldre og tilsette om alt som har med mediebruk å gjere – deriblant TV- og dataspel.

No ropar han varsku for det han meiner er ei samfunnsproblem: Små barn som spelar valdelege og blodige spel med høg aldersgrense.

– Så små barn er framleis i ein konkret fase, der dei ikkje har utvikla skilje mellom fantasi og verkelegheit. Det er problematisk, seier han.

Valdelege dataspel er i ferd med å bli eit samfunsproblem, seier forskarar. I følgje organisasjonen Barnevakten går debut-alderen nedover for å spele spel med 18 års grense.

SJÅ TV-SAK: Frå Vestlandsrevyen.

– Engstelege for at ungane blir påverka

Heime på Kaupanger sit 11-åringane Nora Hov og Anton Tveito og spelar det heller uskuldige fotballspelet FIFA på PlayStation. Dei synest ikkje noko om at ungar på deira eigen alder og yngre spelar valdelege spel som Grand Theft Auto, Battlefield og Call of duty.

Desse spela dreier seg om skyting og drap – og er svært realistiske.

Problematisk, meiner pappa i huset.

– Det er vanskeleg å ha kontroll og vite om alt som skjer. Ungane er på så mange arenaer der vi foreldre ikkje er. Vi er engstelege for at ungane får påverknad som går over hovudet på oss som foreldre, seier Tor Arne Hov.

Trur ungar strekkjer seg etter vanskegrad

Ifølgje Medietilsynet sin rapport om barn og dataspel for 2014, har to av ti barn i alderen ni til elleve år spelt dataspel med 18-årsgrense. Undersøkinga tar ikkje for seg yngre barn.

Systemet for aldersmerking i PEGI (The Pan-European Game Information) definerer 18-årsgrense som mellom anna skildringar av vald som kan få sjåaren til å føle avsmak.

– Ungane tenkjer nok at 16- og 18-årsgrense er ei tilrådd aldersgrense i høve vanskegrad. Dei tenkjer ikkje at dette ikkje er spel for barn, men at det gjer spelet meir spennande og interessant å strekkje seg etter – ikkje at det er farleg for dei, seier Bildøy.

GTA

SKYTESPEL: Skjermbilete frå actionspelet Grand Theft Auto.

Foto: Skjermbilde frå GTA

– Ungar kan bli vande til å tøye grenser

Ragnhild Bjørnebekk

FORSKAR: Ragnhild Bjørnebekk.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Forskar Ragnhild Bjørnebekk ved Politihøgskolen viser til at barn som spelar valdelege spel kan bli meir aggressive. Dei som spelar mest blir også mest påverka.

Ho understrekar at ein sjuåring reagerer svært annleis enn ein tiåring på inntrykka.

– Små barn kan bli engstelege, og det kan skape frykt. Men det er eit nyansert bilete. Størst endring i aggresjonsnivå finn vi hos storforbrukarane, seier Bjørnebekk.

– Når ungane blir eldre blir dei kanskje vande til å tøye grenser. Det er mange faktorar som spelar inn. Men ein skal vere forsiktig, for det er haldningsskapande, seier Bildøy.

Han meiner det er viktig at foreldre snakkar med ungane sine om spelverda.

– Det er lurt å gjere det naturleg å snakke om spel og film. Kva tenkjer barna? Kva tenkjer dei vaksne? Ha ein dialog og skap eit fundament av tryggleik. Då vil ungane kunne ha foreldre å snakke med den dagen noko skjer, seier Bildøy.

Han får støtte frå Tor Arne Hov.

– Det er utfordrande at nokre spel er bygd på vald og sterke scener, som vi ikkje ønskjer at ungane skal få oppleve. Det er flott med aldersgrense, men vi må handheve det på ein måte også, og der tykkjer eg vi foreldre har ei viktig rolle.

– Vi må snakke med ungane om at det er ein grunn til at det er aldersgrense, seier han.

Tor Arne Hov saman med dottera Nora Hov og kameraten Anton Tveito

VANSKELEG: Pappa Tor Arne Hov synest det er vanskeleg å vite kva som går føre seg i spelverda.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK