Hopp til innhold

Sjuande brannen på Ålhus

Sidan 1992 har sju bygningar brunne ned til grunnen i den vesle bygda Ålhus i Jølster. Søndag morgon vart ungdomshuset totalskadd i brann.

- Det er jo litt uhyggjeleg. Ein lurer jo kvifor det har vore såpass mange brannar i ei lita bygda. Flesteparten har dei funne årsaka til, men ikkje alle, seier Johannes Nedrebø.

Han var i bygningen søndag morgon for å vaske den private barnehagen som held til i kjellaren. 

Høyrde lydar

Nedrebø høyrde lydar frå etasjen over, og gjekk for å sjekke. Men han verken såg eller høyrde noko meir, før to ungdommar kom syklande med meldinga om at det brann på taket.

Kva som er brannårsaka er ikkje kjent. Nedrebø vil ikkje spekulere i om det kan ha vore folk inne i huset. Men då han gjekk for å sjekke lydane han høyrde, fann han ei ulåst dør. Ungdomshuset hadde ikkje vore i bruk til arrangement i helga.

-  Eg håpar helst at dei finn ei naturleg forklaring på brannen, for det har vore så mange brannar på Ålhus at vi synest det er nok no, seier Nedrebø.

Politførstebetjent Bjarte Aasen seier dei førebels ikkje har teikn som tyder på at det har vore andre personar inne i huset før brannen starta, men at dei held alle teoriar opne.

Barnehagen må flytte

Ungdomshuset vart totalskadd i brannen, og er på det næraste heilt nedbrent. Også barnehagen som held til i kjellaren vart fullstendig øydelagd. Barnehagen vil flytte til eit privat husvære fram til den stengjer for sommarferien.

Politiet fekk melding om brannen klokka 09.10 søndag morgon. Ungdomshuset "Borgja" ligg rett attmed E39 på Ålhus. Vegen var stengd ein periode under sløkkingsarbeidet.