NRK Meny
Normal

Sju saker politikarane faktisk er samde om

I vekevis har politikarane i Sogn og Fjordane krangla om kva som er viktigast for framtida til fylket. Her har vi samla sju saker politikarane faktisk er samde om.

Listetoppane i Sogn og Fjordane

SAMDE: Listetoppane i Sogn og Fjordane er faktisk samde om ei rekkje saker. F.v. Gunhild Berge Stang (V), Frank Willy Djuvik (Frp), Trude Brosvik (KrF), Jakob Andre Sandal (SV), Åshild Kjelsnes (Ap), Noralv Distad (H) og Jenny Følling (Sp).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vallogo

1. Stad skipstunnel

I fleire tiår har det blitt kjempa for å få på plass ein skipstunnel mellom Moldefjorden og Kjødepollen. Slik vil ein kunne sikre sjøfarande ein tryggare seglas forbi det vêrutsette Stadhavet. Tunnelen skal ha plass til fartøy på storleik med hurtigruteskipa og vil vere ca. 1800 meter lang.

Etter 19 utgreiingar er det no sett av ein milliard kroner til prosjektet i andre halvdel av planperioden for Norsk Transportplan 2014–2023. Det er mogleg å få til oppstart etter 2018.

Politikarane i fylket er utolmodige og vil ha fortgang i planane. Dei viser til at ein skipstunnel vil lage ein ny bu- og arbeidsregion mellom Nordfjord og Sunnmøre, den vil sikre tryggleiken til sjøs, gi ein meir effektiv transport sjøvegen og vere ein turistattraksjon i seg sjølv.

– Det er ikkje berre fylket som treng dette, det er heile landet. Den vil sikre transporten langs kysten på ein sikker måte, seier Trude Brosvik som er Kristeleg Folkeparti sin førstekandidat i Sogn og Fjordane og legg til:

– Dette handlar både om trafikktryggleik og det er eit godt tiltak for næringslivet til å få fram varer. Og det er eit godt tiltak for å få betre kommunikasjonen på sjøen.

Stad Skipstunnel Moldefjorden

SKIPSTUNNEL: Tunnelen vil sikre ein tryggare seglas forbi det vêrharde Stadhavet.

Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex

2. Opprusting av E39 frå Vadheim og nordover

Det er tverrpolitisk semje om at E39 har vore nedprioritert for lenge. Som ein del av planen om ferjefri E39 er opprusting det aller viktigaste for fylkespolitikarane. Dei er samde om at opprusting må kome før bygging av nye bruer. Til og med Sosialistisk Venstreparti som er imot bygging av fjordkryssingsprosjekta støttar opp om opprusting av E39.

– E39 er hovudferdselsåra frå Stavanger til Trondheim og det går mykje tungtrafikk på denne strekninga. Det er høg trafikk og vegen har den dårlegaste stamvegstandarden i landet, seier Jenny Følling, førstekandidat for Senterpartiet.

– Dette er ei hovudpulsåre gjennom fylket vårt, og det å få rusta den opp frå sør og nordover er heilt avgjerande for utviklinga av fylket vårt og sambandet elles på Vestlandet.

3. I størst mogleg grad behalde dagens skulestruktur

For to år sidan nærast kokte det i fylket då framtida til fleire vidaregåande skular stod på spel. For å spare pengar vart det først føreslått å leggje ned dei vidaregåande skulane i Luster, Høyanger og Stryn, i tillegg til å avvikle Mo og Jølster vidaregåande si avdeling på Vassenden. Etter ein fleire månader lang prosess gjekk skulane i Høyanger og i Stryn klar sparekniven, medan Luster vgs. og avdelinga på Vassenden vart lagde ned.

Stryn vidaregåande skule

STOD I FARE: Stryn vidaregåande var i 2013 blant skulane som stod i fare for å bli nedlagt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Med utsikter om færre elevar i den vidaregåande skulen og stadig mindre pengar å rutte med for fylkeskommunen er skulestrukturen igjen blitt ei heit potet.

Berre SV og Frp opna i den siste NRK-sende debatten for at ein kan måtte kutte i talet på skular for å bevare kvaliteten i opplæringa. Men også dei sa at det er eit mål i seg sjølv å halde på dagens skulestruktur.

Alle er opptekne av at dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane er blant dei beste i landet, og at elevane leverer gode resultat. Politikarane er også uroa over det store talet hybelbuarar, og vil ikkje gjere noko som kan gi endå fleire hybelbuarar.

– Dette er fordi vi meiner det er viktig å halde på den desentraliserte skulestrukturen, det er vårt mål. Vi har gode resultat, lite fråfall og elevar som trivst, og det må vi halde på, seier Jakob Andre Sandal, førstekandidat for Sosialistisk Venstreparti.

4. Kystvegen

Politikarane er samde om at det er eit stort potensial langs kysten mellom Ålesund og Bergen. Selskapet som jobbar for realisering av Kystvegen viser til at vegen vil gi eit internt samband i ein særdeles ressursrik og produktiv kystregion, at det vil skape større bu- og arbeidsområde, effektivisere transport og samferdsle, og gi god tilknyting til hamner og sjøtransport.

Fylkespolitikarane ser fordelane ved bygging av ein kystveg, og er samde om at det neste på prioriteringslista, etter ferdigstilling av Olden-Innvik, er nettopp Kystvegen.

– Vi er eit fylke som ikkje er ferdig samanbunde nord-sør langs kysten, og det er faktisk ikkje mogleg å køyre nord-sør langs kysten av fylket utan å ta ferje.

– Dette er veldig tungvint, og eg er heilt overtydd om at det er ei ulempe for utviklinga at vi ikkje har eit skikkeleg vegsamband, seier Åshild Kjelsnes, førstekandidat frå Arbeidarpartiet.

Skråkabelbru mellom Bremanger og Vågsøy på Kystvegen

SKRÅKABELBRU: Styret i Kystvegen har fått utarbeidd fleire forslag til bru i ytre Nordfjord. Her er ei skråkabelbru teikna inn mellom Tongane på Rugsundøy i Bremanger og Biskjelneset i Vågsøy kommune.

Foto: Skisse: Ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen

5. Behalde dagens fire flyplassar (Frp kan seie seg villige til å leggje ned to flyplassar)

Med unnatak av Frp er alle partia samde om å halde oppe dagens fire flyplassar, Florø lufthamn, Førde lufthamn Bringeland, Sogndal lufthamn Haukåsen, og Sandane lufthamn Anda.

Sandane lufthamn Anda

EIN AV FIRE: Sandane lufthamn Anda er i dag ein av fire flyplassar i Sogn og Fjordane.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Særleg flyplassen på Anda har fleire gonger vore truga av nedlegging, og det har vore ein stadig tilbakevendande flyplasstrid i fylket. Fylkesordførarkandidatane til alle partia er samde om at næringslivet i fylket er best tent med fire flyplassar.

Unnataket er Frp, der førstekandidat Frank Willy Djuvik opnar for å leggje ned flyplassane på Anda og Bringeland, dersom dei får bygge betre vegar for pengane.

– Som utgangspunkt er det ikkje det viktigaste at vi har fire flyplassar. Det viktigaste er at innbyggjarane i fylket har eit best mogleg flytilbod. Skal vi endre flyplasstrukturen må ein gjere andre endringar som gjer at dei har eit like godt eller betre flyplasstilbod. Det får ein ikkje om ein berre legg ned flyplassar, seier Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet.

6. Meir i statleg tapskompensasjon

Kommunal- og forvaltningskomiteen sitt nye inntektssystem til fylkeskommunane gjer at Sogn og Fjordane fylkeskommune må kutte minst 200 millionar kroner. I åra framover vil fylkeskommunen få stadig mindre å rutte med, noko som betyr at dei må gjere drastiske kutt i mellom anna, skule, veg, tannhelse, kultur og næringsutvikling.

Fylkespolitikarane er alle samde om at det må bli kutt, men vil alle jobbe for at fylkeskommunen får meir pengar frå staten slik at dei unngår dei mest dramatiske kutta. Det blir jobba for å få til ei overgangsordning, der fylket får inn meir pengar, slik at dei kan gjere kutta litt og litt.

– Fylkeskommunen har vore relativt skjerma for å ta kutt tidlegare, og no må vi ta store kutt, noko som ikkje gir rom for å gje likeverdige tenestetilbod, seier Gunhild Berge Stang frå Venstre og legg til:

– Vi vil jobbe for at fylket får ein tapskompensasjon som gjer det mogleg for fylkeskommunen å gjere innsparingar på ein forsvarleg måte. Vi må ha ein overgangsperiode der vi også får moglegheit til å få på plass ei betre inntektsside.

7. Vikafjellsvegen

Etter femti år med vegkamp, kom Vikafjellstunnelen med i Nasjonal transportplan, med 100 millionar kroner til oppstart i perioden 2018–2023. Riksveg 13 over Vikafjellet er ein av dei mest vêrutsette vegane i landet, i vinter var den stengd nesten annakvar dag i snitt.

Med stengd veg over fjellet er vikjene nesten isolert, då ferja over Sognefjorden til dømes ikkje går nattetid.

For å knyte Vik til omverda og verda til Vik meiner eit samla politisk Sogn og Fjordane at vegen må bli prioritert så fort som mogleg.

No er det Vik sin tur. Det er ein uhaldbar og uakseptabel situasjon for ein kommune at dei i praksis er nesten isolert frå omverda store deler av året. I tillegg blir dette ein attraktiv gjennomgangsveg som vil kome langt fleire enn vikjene til nytte, seier Noralv Distad, førstekandidat for Høgre.

Krevjande forhold for brøytemannskapa på riksveg 13 over Vikafjellet

MYKJE SNØ: Kvar einaste vinter er det svært krevjande forhold for brøytemannskapa på riksveg 13 over Vikafjellet. No ventar alle på ein tunnel under fjellet.

Foto: Silje Guddal / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.