Hopp til innhold

Her er dei sju fremste politiske talenta i fylket

Kven er dei unge under 30 år her frå fylket som vil prege politikken lokalt og nasjonalt i åra framover? Vi har plukka ut dei sju vi meiner nett no er dei fremste politiske talenta frå Sogn og Fjordane.

Politiske talent i Sogn og Fjordane

POLITISK FRAMTID: Desse sju vil setje sitt preg på politikken sett frå Sogn og Fjordane i åra framover. Om dei sjølv, og partia deira vil.

Foto: arkiv / NRK

Aleksander Øren Heen, 25 (Sp)

Alexander Øren Heen (Sp)

SENTERPARTIET: Aleksander Øren Heen.

Foto: Oddvin Aune

Har bygd seg opp som den reelle opposisjonen i Årdal. Ei einsam svale i formannskapet som elles berre består av Arbeidarpartiet. I tillegg er han i ferd med å byggje eit solid fundament i fylkespolitikken der han har fått ein tredjeplass på fylkestingslista.

Tore Storehaug, 22 (KrF)

Tore Storehaug

KRISTELEG FOLKEPARTI: Tore Storehaug.

Foto: Heidi Lise Bakke

Har etter kvart lang røynsle som ungdomspolitikar. I Ungdomspolitisk utval her i fylket, og nasjonalt i KRFU. Der har han fått vervet som nestleiar med internasjonal politikk som fagområde. I tillegg har han fått andreplassen på KrF si fylkestingsliste. Dermed vil han markere seg meir i fylkespolitikken i åra som kjem.

Kristine Lie, 22 (Frp)

Kristine Lie

FRAMSTEGSPARTIET: Kristine Lie.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Vart i førre valkamp løfta fram av partileiar Siv Jensen som eitt av dei største talenta i heile partiet. Ho har vore vurdert som politisk rådgjevar i både i regjeringa, og i Bergen. Ho har så langt prioritert studiar framfor det mest synlege politiske arbeidet. Om ho heilhjarta vel politikken vil ho klatre fort.

Anita Nybø, 28 (Sp)

Anita Nybø

SENTERPARTIET: Anita Nybø.

Foto: Arkiv / NRK

Lite synleg i media, men gjer ein traust innsats i sine mange politiske verv. Vurdert som ordførarkandidat i heimkommunen Bremanger. Gjev seg etter ein periode i fylkespolitikken.

Torbjørn Vereide, 25 (Ap)

Torbjørn Vereide

ARBEIDARPARTIET: Torbjørn Vereide.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fylkespartiet sin mest markante ungdomspolitikar. Overlevde Utøya-massakren. Har markert seg med eit oppriktig engasjement for tradisjonelle ungdomssaker, som Ungdomskort og Kulturkort for ungdom.

Ole Gunnar Krakhellen, 28 (H)

Høgrebenken på fylkestinget

HØGRE: Ole Gunnar Krakhellen.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Fylkets yngste ordførar nokon gong i ein alder av 25. Gjev seg etter ein periode. Men vil halde fram som fylkespolitikar, har fått ein litt usikker femteplass. Har gått gradene i Ungdomspolitisk utval. Har markert seg særskild som samferdselspolitikar på fylkestinget, men har god kontroll på dei fleste fagområde.

Sveinung Rotevatn, 27 (V)

Sveinung Rotevatn i Venstre smiler lurt

VENSTRE: Sveinung Rotevatn.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Venstre sin kanskje mest synlege mannlege politikar. Har klippekort i alle nasjonale debattstudio. Tidlegare ungdomspartileiar, no stortingsrepresentant. Kåra til året europear av Europabevegelsen.