Hopp til innhold

Narkosaka i Sogn veks i omfang

I alt sju personar er til no pågripne i narkotikasaka som er under opprulling i Sogn.

Åge Løseth

AKSJON: Sju personar er arresterte etter narkotikaaksjonen i Sogn denne veka. – Vi er ikkje ferdige med etterforskinga og ser ikkje vekk ifrå ikkje fleire pågripingar, seier Løseth.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Alle av dei pågripne er i 20-30-åra, og med unntak av to personar pågripne i dag har alle erkjend kjøp, oppbevaring og sal av narkotika.

Så langt er ingen varetektsfengsla i saka.

– Seks av dei vart pågripne i Sogn, medan den sjuande vart pågripen på Austlandet i går og frakta til Sogn, seier lensmann Åge Løseth ved Sogndal lensmannskontor.

Eitt kilo hasj

Politiet aksjonerte tysdag, og sidan har saka vakse i omfang. Til no har politiet teke beslag i kring ein kilo hasj, ein del marihuana og narkotiske tablettar.

Lensmann Løseth seier at dei pågripne er kjenningar av politiet.

– Politiet fekk ei viss interesse for eit bestemt miljø, som vi valde å gå grundigare inn i. Det resulterte i første tilslaget tysdag, noko som gav oss grunnlag for å gå vidare, seier Løseth.

– Saka er ikkje ferdig

Utan å forskottere noko straffereaksjon, seier Løseth at han reknar med at dei personane som så langt har vore inne til avhøyr vil måtte møte i rettssalen.

– Vi seier oss ikkje ferdige med saka. Etterforskinga går føre seg i dag, og vil halde fram i neste veke. Eg ser ikkje vekk ifrå at fleire kan bli pågripne i tida framover, seier Løseth.

– Kor stor er denne saka Ser de konturane av ei større sak?

– Eg vil tru at dette er ei av dei større narkotikasakene i Sogn, i alle fall dei siste ti åra, seier Løseth.