Den høgt profilerte forretningsmannen frå Måløy vart teken i januar i fjor. Økokrim fann raskt ut at han hadde svindla staten for millionar av momskroner gjennom mange år.
Nordfjord tingrett har også slått fast at han aldri meir får drive næringsverksemd. Det betyr at han ikkje får vere dagleg leiar i noko selskap, ha anna leiande stilling der, eller sitje i styret.
Slepp erstatning
La ned påstand om ni års fengsel
I retten la førstestatsadvokat Petter Nordeng ned påstand om at Kvalheim måtte dømmast til ni års fengsel. Han meinte også at han måtte betale tilbake 283 millionar kroner til staten, og at han måtte frådømmast retten til å drive næringsverksemd på livstid.
Retten har ikkje dømt Kvalheim til å betale nokon erstatning til staten. Det blir vist til at retten ikkje har tilstrekkeleg med opplysningar til å avseie dom på det punktet.
Dømd på nesten alle punkt
Dommen mot Kvalheim var ein stor siger. Han vart dømd på alle utanom eit punkt i tiltalen. Det var også eit av dei minst alvorlege. Økokrim meinte han hadde skrive ut falske fakturaer som ville gje kundane i utlandet skattefordelar. Retten slår fast at det ligg utanfor området til likningslova.
Kvalheim vart dømd for grovt momsbedrageri, tre tilfeller av grov utruskap og fleire tilfelle av skattesvik og brot på rekneskapslova.