Hopp til innhold

Sju melde for drikking - men festen gjekk veldig bra

Parken i Sogndal såg strøken ut i dag, etter at hundrevis av ungdomar i natt var samla til den årlege «onsdagsfesten». Tett samarbeid mellom skulane, vaksenkontaktar, politiet og ungdomen sytte for god stemning.

Kafe Krydder i Sogndal

Trass i fleire politimeldingar om drikking på offentleg stad og rusa mindreårige, så gjekk den første onsdagsnatta i skuleåret over all forventning i Sogndal.

Den tradisjonsrike «festarnatta» i samband med skulestarten i Sogndal førte med seg at sju blei melde til politiet og at ein trubadur måtte ta med gitaren og rusle heim.

Men trass dette var det svært god og fin stemning i skulebygda, fortel kafévert og voksenkontakt Lise Sundberg til NRK.

– Det var ei utruleg fin stemning, det var svært mange unge samla i parken og områda rundt. Vi vaksne hadde base her på kaféen og nattuglene og politiet gjorde ein kjempejobb, fortel Sundberg.

– Masse flott ungdom samla

Den første onsdagen i skuleåret er den største festdagen i Sogndal kvar haust. Elevar frå Sogndal vidaregåande og studentar frå Høgskulen flokkar seg til serveringsstadar og uteområde.

– Det var ein god del folk samla i sentrum og det var ein heil del mindreårige som var rusa, seier operasjonsleiar Olaug Holme, til NRK.

I alt sju unge menneske vil få eit oppgjer med politiet i etterkant av «festarnatta», dei blei melde for drikking på offentleg stad.

– Når det er så mange menneske samla, så vil det kunne skje slike ting. Men i det store og det heile var det masse flott ungdom samla, anten dei var studentar som skulle på Meieriet eller det var elevar frå vidaregåande som var samla i parken, fortel Sundberg.

Tett samarbeid mellom fleire aktørar

På førehand hadde det vore ein tett dialog mellom blant anna politiet, ungdomsrådet og andre vaksne som ønskar å engasjere seg for det gode ungdomsmiljøet.

– Dette gjekk over all forventning. Politiet var ute og patruljerte og ungdomane følte at dei kunne henvende seg til oss andre vaksne dersom det var noko dei trengde å snakke om. Dette gjekk kjempefint, meiner Sundberg.

Måtte avslutte allsongen

Eit litt meir kuriøst innslag i sentrum var han som sette seg ned med gitaren og klimpra nokre tonar utanfor eit hotell.

– Etter kvart kom det fleire til som var med på allsongen, då måtte mannen gå heim, opplyser Holme.

I løpet av natta fann politiet ein rusa mindreårig som sov ute. Foreldra blei varsla og guten blei henta.