Hopp til innhold

Dei vurderer om «graset er grønare på andre sida»

Sju av kommunane i Sogn og Fjordane vurderer å bytte fylket. Det fører til uro blant fylkespolitikarane.

kart3

Det som har vekt sterkast reaksjonar er at Stryn er klare til å melde overgang til eit anna fylket trass i millioninvesteringar.

– Stryn låg på tredjeplass i 2012 når det gjeld investeringar, og kjem truleg til å ligge på topp når vi ser på 2015, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Mein dei har fått lite

Men i Stryn er ordføraren lite imponert over den fylkeskommunale satsinga i Nordfjord.

Sven Flo

SER NORDOVER: Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), har signalisert at det kan bli aktuelt å bli ein del av Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

– At det er investert masse pengar i Stryn opp gjennom åra, det er med respekt å melde berre tull. Når det gjeld dei tinga som det er fatta vedtak på og skal investerast på innan samferdsle, så har det vore ein evig kamp, seier Høgre-ordførar Sven Flo.

– Eg trur nok det er andre kommunar enn Stryn som har større grunn til å stille spørsmål ved prioriteringane. Vi har sett på korleis Stryn har kome ut i ein periode frå 2003 til 2012 og då har det vore investert 265 millionar kroner i bygg og veg, og etter det er også Olden–Innvik og rassikring av Flovegen vedteke. Då er Stryn sannsynlegvis den kommunen som har kome best ut,seier Følling.

Fleire tel på knappane

Stryn er ikkje einaste kommunen som vurderer å forlate Sogn og Fjordane. Gulen ser mot Hordaland og det same gjer Vik og Aurland. I Nordfjord ser Selje og Vågsøy nordover mot Møre. Dermed kan fylke miste om lag 27 000 innbyggar

Jenny Følling på kontoret på fylkeshuset på Hermansverk

UROLEG: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) er uroa over at fleire kommunar kan vere på veg ut av fylket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dersom det blir slik at vårt fylke lek i alle endar så er det ikkje berre innbyggartalet som går ned, men også kroner som rullar ut. Kva skjer med sjukehuset i Nordfjord til dømes dersom fleire av nordfjordkommunane ser mot Møre og Romsdal?

Eit anna området som Følling er uroa for er dei vidaregåande skulane. Kva skjer med elevtalet dersom fleire av kommunane byter fylke?

– Dette er noko vi må ta på alvor. Vi må no ha fokus på korleis vi skal kjempe for tenestene i fylket vårt, seier Følling.