Hopp til innhold

Mafia-tiltalt tobarnsfar: – Det er vanskeleg å førebu barna på dette

Han er ein av sju som kan bli dømt etter mafiaparagrafen i den største dopingsaka i Noreg nokon gong. Tobarnsfaren gruar seg til å forklare ungane at pappa må i fengsel.

Dopingtiltalt i Buskerud

MYKJE TRENING: 33-åringen frå Buskerud har lenge gitt råd om fysisk trening og kosthald. No står han som ein av sju tiltalte i den største dopingsaka i Noreg nokon gong.

– Det er vanskeleg å førebu barna på dette, då ein helst vil ha litt klare fakta når ein snakkar med dei og forklarar. Dei har hundrevis av spørsmål, og når ein ikkje har ærlege gode svar på desse, er det usikkert for ungane.

33-åringen kjem frå ein liten by i Buskerud. I sosiale medium står han fram som ein smilande og blid familiefar. Han marknadsfører seg som personleg trenar og får god respons når han legg ut noko på Facebook eller Instagram.

Men for han og seks andre blir kvardagen heilt annleis frå måndag 21. januar. I nær eit halvt år skal påtalemakta leggje fram bevis for at gruppa på sju menn står bak den største saka om dopingmiddel i norsk rettshistorie.

Politiet har etterforska saka sidan 2015. Internt har den fått namnet «Operasjon Hush». No vil politiet ha dei sju mennene dømd for organisert kriminell verksemd, den såkalla mafiaparagrafen i straffelova.

Enorme verdiar

Dopingmidla dei produserte og selde skal ha ein verdi på over 30 millionar kroner.

To av dei tiltalte i saka kjem frå Sunnfjord, to frå Bergen og tre frå Buskerud. I fjor haust blei tre andre dømde i saka. I alt opprettar politiet straffesak mot over 100 menn i fleire politidistrikt. 36 menn skal ha hatt ei større eller mindre rolle i dopingnettverket.

Saman med to andre menn frå Buskerud, la 33-åringen alle korta på bordet då politiet slo til hausten 2015. Han meiner at det er heilt unødvendig at han som har tilstått må vente i årevis på å få rettssak og dom.

– Hadde eg fått sone frå den dagen eg tilstod, så hadde eg kanskje alt vore ferdig å sone. Eg slit i kvardagen, skuldar på meg sjølv og går med tankar eg ikkje kan få ut av hovudet. Det gjer det vanskeleg å nyte dagane med barna mine, fortel mannen i ein kjensleladd e-post NRK har fått lov å sitere frå.

Svært omfattande nettverk

Statsadvokat Trond Høvik vil førebels ikkje kommentere utspelet frå den tiltalte mannen. Men på ein pressekonferanse i fjor haust la dei ikkje skjul på omfanget av saka.

– Vi har beslaglagt 23 kilo reint verkestoff. Vi reknar med at dei tiltalte i perioden frå 2011 til 2016 stod for mesteparten av alt sal av dopingmiddel i den norske marknaden, sa politiadvokat Kristin Harstad.

Kor mange brukardosar dopingmiddel det tilsvarar er umogleg å rekne ut, men politiet peikar på at dei mellom anna fann 50.000 små hetteglas. Kvart glas tilsvarar ein brukardose.

I løpet av etterforskinga fekk politiet tilgang til fleire tusen sider med e-postar som dei har sendt til kvarandre. Fleire av dei tiltalte skal ha bidratt til å få opna opp krypterte e-post-kontoar som i stor grad synte korleis handelen gjekk og nettverket fungerte.

Ventetida er vanskeleg

I Buskerud sit ein 33-åring og angrar på at han lét seg involvere i dopingnettverket, og han er budd på å ta straffa si når domen kjem.

Han hevdar å forstå alvoret i det han no er tiltalt for. Han ønskjer berre at saka kunne gått fortare.

– Han føler at han er fengsla i sin eigen kvardag. Til sjuande og sist kan det gå fem år før han må inn og sone. Han er budd på det, men det er ventetida som er veldig vanskeleg, seier mannen sin advokat, Jon Anders Hasle.

Vet du noe om denne saken? Tips oss!

Sju tiltalte for retten

Ei svært omfattande etterforsking avslørte det største nettverket for produksjon og sal av dopingmiddel i Noreg. Politiet meiner at dopingsal via internett skaffa nettverket inntekter på over 30 millionar kroner.

  • Tiltalt nummer 1
    Mann (36) frå Sunnfjord

    Mannen frå Sogn og Fjordane blir rekna som ein av hovudmennene i saka. Han blei arrestert i Russland i 2016 og sat fengsla der i eit år før han blei utlevert til norsk politi.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 2
    Mann (37) frå Sunnfjord

    Sunnfjording busett i Bergen og ein av hovudmennene bak dopingnettverket, meiner politiet. Saman med tiltalt nummer ein skal han ha selt dopingmiddel med til saman 78 millionar mikrogram virkestoff.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 3
    Mann (30) frå Bergen

    Skal ha oppbevart og selt store mengder dopingmiddel via internett frå Bergen. Saman med tiltalt nummer 4 skal han også ha smulga doping frå Sverige til Noreg.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 4
    Mann (30) frå Bergen

    Tiltalt for frakt, oppbevaring og sal av store mengder dopingmiddel. Blant anna skal han ha oppbevart dopingmiddel heime.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 5
    Mann (29) frå Buskerud

    Tiltalt for å ha oppbevart og selt dopingmiddel frå eit lager i Buskerud. Han har lagt alle korta på bordet og har tilstått.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 6
    Mann (34) frå Buskerud

    Ein av mennene som blant anna skal ha bidratt med oppbevaring og sal av dopingmiddel over internett. Knytta til lageret i Buskerud.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 7
    Mann (28) frå Buskerud

    Skal ha bidratt til oppbevaring og sal av store mengder dopingmiddel. Som dei andre tiltalte skal han også sjølv ha brukt dopingmiddel.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 8
    Mann (46) frå Sunnfjord

    Har ikkje møtt i retten enda. Skal ha vore sentral i organiseringa av transport av dopingmiddel.

  • Tiltalt nummer 9
    Mann (61) frå Østfold

    Har ikkje møtt i retten enda. Skal ha transport store mengder dopingmiddel frå Bergen til Austlandet og frå Sverige til Noreg.

Den største dopingsaka i Noreg

Måndag 21. januar møter sju menn frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Buskerud i ein av dei største rettssakene om dopingmiddel i Noreg nokon gong.