Dei 22 gardane her i fylket som har kjøpt dyr frå garden i Sogndal vil bli bandlagde i fire til fem månader, til prøvane frå resten av buskapane er klare. Vigleik Skeie ved Statens dyrehelsetilsyn seier dei no har den dødelege sjukdomen under kontroll.
Sju gardar må slakte dyr
Førebels må sju gardar i Sogn og Fjordane slakte dyr som er kjøpte inn frå, eller er avkom av dyr frå garden i Sogndal, der det er påvist paratuberkulose. I tillegg må nokre få gardar til kanskje slakte dyr.
Publisert
Artikkelen er flere år gammel.
Publisert