Hopp til innhold

Har hatt sju fastlegar på færre enn fem år

Pasient- og brukarombod Lisa Refsnes meiner tida er inne for å sjå nærare på korleis fastlegeordninga fungerer.

Lisa Refsnes

VIL EVALUERE FASTLEGEORDNINGA: Pasient- og brukarombod Lisa Refsnes.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For i delar av Sogn og Fjordane er gjennomtrekken av legar så stor at det går ut over mange pasientar, meiner ho. I Høyanger er det eit døme på det.

– Der er det ein pasient som har eit samansett sjukdomsbilete med ein uavklart diagnose. Fastlegen spelar ei nøkkelrolle. Men på dei siste fire og eit halvt åra har pasienten hatt sju fastlegar. No sluttar fastlege nummer sju, og kven som blir nummer åtte veit vi ikkje.

– Må fortelje ein gong til

Og Høyanger er ikkje den einaste kommunen som slit med legar som kjem og reiser igjen etter kort tid.

– Dei pårørande opplevde at nye legar ikkje hadde sett seg inn i saka, hadde ikkje lese journalen, og møtte ubudd på ansvarsgruppemøte.

Enkelte av fastlegane sende ikkje tilvisingar til sjukehus, slik at dei pårørande måtte purre. Dokument som kom frå spesialisthelsetenesta vart ikkje skanna inn i journalen. Dermed var det fare for at nye opplysingar ikkje kom fram til den neste fastlegen.

– Dei pårørande fortel at det er dei som må halde tråden heile tida. For kvar ny fastlege må dei fortelje historia ein gong til. Dermed får ikkje pasienten den kontinuiteten vedkomande treng. Det er eit problem, seier Lisa Refsnes.

– Ikkje flinke nok

Arve Varden

– IKKJE FLINKE NOK: Rådmann Arve Varden i Høyanger.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Rådmann Arve Varden i Høyanger seier at dei i kommuneleiinga er svært lei seg for at pasientar og pårørande opplever noko slikt. Han seier at det å rekruttere fastlegar til kommunar som Høyanger er utfordrande, men at det største problemet er å få dei som kjem til å bli verande.

– Vi vedgår at vi ikkje har vore flinke nok. Difor starta vi i fjor ein dialog med legane om kva vi kan gjere for å bli betre. Vi har ei lang rekkje tiltak som vi no er i ferd med å innføre.

– Ikkje fastlegeordninga som er problemet

Pasientombod Lisa Refsnes meiner det er på tide med ei evaluering av fastlegeordninga.

– Pasientomboda er ikkje ute etter å avvikle ordninga, men vi må sjå korleis vi kan styrke den. Hovudpoenget med fastlegane var at dei skulle sikre ein kontinuitet mellom pasient og lege. Vi ser at det er utfordringar med det i Sogn og Fjordane med tanke på rekruttering og vikarstafettar.

Ronny Cassells

– REKRUTTERINGSPROBLEM: Ronny Cassells, leiar i Sogn og Fjordane legeforeining.

Foto: Privat

Men leiar Ronny Cassells i Sogn og Fjordane legeforeining meiner det ikkje er sjølve fastlegeordninga det er nok gale med. Han meiner ordninga fungerer godt i dei kommunane som er gode til å rekruttere og til å gi legane gode arbeidsvilkår.

– Så ser vi at einskilde kommunar ikkje har greidd det. Dei kunne ha vore flinkare til å be om hjelp og sjå det i ein samanheng. Dei kommunane som ikkje er aktive med tanke på korleis fastlegane arbeider, dei slit med rekrutteringa.

– Eit sluk

Legeforeininga har ei tid arbeidd med å finne fram til tiltak for å sikre Sogn og Fjordane meir stabil legedekning, og denne veka skal det diskuterast på eit møte i Florø. Cassells seier det er eit problem at unge legar helst vil bu i større byar.

– Dei store sjukehusa er eit sluk. Sjølv om det blir utdanna svært mange legar, er det ikkje nok til å fylle stillingane i utkantane.