Hopp til innhold

Sju entreprenørselskap vil byggje Loftesnesbrui

Statens vegvesen har teke imot pristilbod frå sju entreprenørar på jobben med å utbetre Loftesnesbrui på riksveg 5 i Sogndal.

Synfaring på Loftesnesbrui

BLIR BYGGJEPLASS: Her er fleire av entreprenørane på synfaring ved Loftesnesbrui.

Foto: Statens vegvesen

Pristilboda går mellom 238,4 og 293,6 millionar kroner, og Vegvesenet skal no kontrollrekne tilboda før dei tek ei endeleg avgjerd.

Det er Bilfinger og K.A. Aurstad som har lagt inn det lågaste tilbodet.

– Vi er godt nøgde med interessa, og at så mange leverte tilbod. Prisnivået var jamt blant dei to billegaste, med berre ein halv million i skilnad, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken.

Tilbodsopning Loftesnesbrui

Tilbydar:

Tilbodssum i kroner eks. moms

Bilfinger og K.A.Aurstad

238.431.622,36

NCC Construction

238.982.248

Implenia

256.448.527

Contexo

256.920.720,41

Skanska

258.826.227,69

Metrostav og HAG anlegg

259.825.144

Christie & Opsahl

293.607.487

Skal lage ny 194 meter lang bru

Viss alt går som planlagt, skal entreprenøren kunne starte tilrigging i Sogndal alt i desember, og arbeidet vil kunne ta til for fullt på nyåret. Den nye Loftesnesbrui skal takast i bruk ved utgangen av 2017, og heile prosjektet skal stå ferdig sommaren 2018.

Vegprosjektet består av ei ny 194 meter lang nettverksbogebru over Loftesnessundet i Sogndal, samt utbetring av veg i tre retningar. Det skal mellom anna byggjast ny rundkøyring, og det skal fyllast ut med masse på begge sider av sundet.

Skal byggje den nye ved sidan av den gamle

Den gamle Loftesnesbrui vert ståande medan den nye vert bygd, slik at trafikken kan gå som normalt i byggjeprosessen.

– Dei kjem til å stå ganske tett ved sidan av kvarandre. Når den nye brua er klar, fører vi trafikken over på den, og så skal den gamle rivast, seier Solbakken.

I tillegg skal det fyllast ut ein liten bit på den nye brua til slutt, men dette kan ikkje gjerast før den gamle brua er rive.

Gjer T-kryss om til rundkøyring

At den nye brua må byggjast kloss i den gamle, er utfordrande for byggjeprosessen.

– Det er litt utanfor standarden, seier Solbakken.

I krysset der fylkesveg 55 går innover mot Luster, vert dagens eksisterande T-kryss gjort om til ei rundkøyring.

– Det vert også tilpassingar i retning Solhov mot Sogndal, samt endringar i vegen på Loftesnessida. Der skal vi også leggje om vegen litt, samt gjere tilpassingar for vegen inn til Barsnes, seier Solbakken.