På laurdag starta turfølgjet frå Håreina stasjon, fire kilometer frå Flåm sentrum.
– Eg vil gjerne sjå om det let seg gjere å gå i Kong Sverre sitt fotspor i 2015. Og håpar at vi sju danske vandrekameratar får ei oppleving av Norge og den fantastiske naturen, seier turleiar Jens Grønlund.
- Les også:
- Les også:
Historisk reise i vakker natur
Det var her i Flåm at Kong Sverre i 1177 starta krigarferda mot Bergen, men måtte vende tilbake til bygda etter å ha møtt stor motstand frå lokale bønder.
Kong Sverre og Birkebeinarane var på denne tida i konstant krig om makta i landet, noko som kulminerte i slaget ved Fimreite i 1784. Kong Magnus miste livet og Sverre Sigurdsson vart eineveldig konge – rett nok utan at stridane var over.
Men det er mykje usemje om akkurat kva rute Kong Sverre og hans menn gjekk sju år tidlegare.
– Då eg byrja å lese om det synst eg det var mykje som verka feil. Eg har valt den ruta eg tykkjer er mest sannsynleg. Kong Sverre ville gjerne gå i dalane, med godt utsyn, slik at han kunne sjå fiendane. Difor er ruta lagt etter dalane, seier Grønlund.
Dei første til å gå ruta
Etter seks dagar på mars reknar turfølgjet å nå Fronnes ved Aurlandsfjorden neste fredag, der dei vil ta ein RIB-båt tilbake til Flåm.
Men før dei kjem så langt, må dei gjennom mykje tøft terreng, store delar utanfor faste ruter.
– Det er ingen som har gått denne turen før. Og vi veit ikkje korleis terrenget er, seier Grønlund.